Hopp til innhold

– Maten sto framleis på borda

Det gjorde eit sterkt inntrykk på konsernsjef Olav Fjell å få sjå korleis det såg ut inne i hurtigruta Nordlys. Skipet var sterkt nedsota og evakuert i all hast.

Konsernsjef Olav Fjell fekk gå om bord i hurtigruteskipet Nordlys for første gong laurdag i 10-tida. Synet som møtte han gjorde sterkt inntrykk.

Olav Fjell

Konsernsjef Olav Fjell kom ut av hurtigruta med sterke inntrykk.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix
Hurtigruta Nordlys
Foto: Terje Reite / NRK
John Tindvik, Olav Fjell, Jon Steven Hasseldal

Frå venstre kaptein John Tindvik, konsernsjef Olav Fjell og politimeister Jon Steven Hasseldal.

Foto: Terje Reite / NRK
Olav Fjell; Jon Steven Hasseldal

Olav Fjell og politimester Jon Steven Hasseldal.

Foto: Terje Reite / NRK
Olav Fjell går om bord i hurtigruta

Olav Fjell på veg om bord i hurtigruta Nordlys laurdag morgon.

Foto: Terje Reite / NRK
Hurtigruta Nordlys

Slik ligg hurtigruta ved kai i Ålesund ved 10-tida laurdag morgon.

Foto: Terje Reite / NRK
Steven Hasseldal hurtigruta Nordlys

Politimeister Jon Steven Hasseldal deltok på rådslagingsmøte ved hurtigruta laurdag morgon.

Foto: Terje Reite / NRK
Olav Fjell; John Tindvik

Konsernsjef Olav Fjell og kaptein John Tindvik.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Det som gjer sterkast inntrykk er synet av eit skip som er forlate i all hast. Maten står framleis på borda. Det er også veldig mye sot. Det må ha vore ei ekstrem røykutvikling, seier Olav Fjell i det han kjem ut av skipet.

– Spekulerer ikkje i årsak

Konsernsjef Olav Fjell vil ikkje seie om han såg noko som kan gje svar på kva som var årsaka til den eksplosjonsarta brannen.

– Vi spekulerer ikkje på noko som har med årsaka å gjere. Vi kjem heller ikkje til å kome med noko slike spekulasjonar eller teoriar før havarikommisjonen har gjort sitt.

Kom inn fleire stader

Fjell slår likevel fast at noko av lekkasjen truleg ikkje har noko med sjølve brannen å gjere. Vatn har nemleg kome inn på ein stad som ikkje er påverka av brannen.

– Det er for tidleg å seie noko om lekkasjane oppsto som følgje av brannen eller om det skjedde noko då skipet blei lagt til kaia. Men vatnet har kome inn gjennom ein lekkasje like bak stabilisatorfinnen. Det er ein skade som ikkje har noko med brannen å gjere.

Skal snu skipet

Planen no er å snu skipet slik at det skal vere mogleg å ta på land bilar og anna gods. Men det står framleis att ein del arbeid før dette kan gjerast.

– Når alle er trygge på at alt er trygt, og at det verken kan kome noko ut av båten eller inn i båten. Det er ikkje klart når dette kan skje. Det som var konkludert i dag var at vi ikkje skal forhaste oss. Vi tek den tida vi treng. Det kan vere føremålstenleg å ta ut fleire ting her ved kaia enn på verkstaden. Logistikken er enklare her.

Til Fiskerstrand mandag

Laurdag blei det også klart at Nordlys mest truleg skal slepast til Fiskerstrand verft måndag. Før dette skjer, må skipet tøymast for både gods og olje.

– Både bunkers og bilar kan vere greiare å losse her ved kaia enn etter at skipet er kome i dokk. Og vi kan ikkje ta ein båt opp i dokk med fulle tankar.

– Er lekkasjane tetta, eller kjem det framleis inn vatn?

– Det skal vi undersøkje ytterlegare før vi er heilt trygge på det. Dette er ein av dei tinga som må etablerast heilt klart før vi byrjar å snu båten, seier Fjell.

– Passasjerane skal få eigedelaneeigedelene

I Ålesund er det no mange hurtigrutepassasjerar som ventar på å få ut eigedelane sine. Dei fleste passasjerane fekk med seg berre kleda dei hadde på seg. Kle og andre eigedelar har truleg fått omfattande røyk og sotskadar.

– Eg veit ikkje heilt korleis det har gått med eigedelane til passasjerane. Men det har vore veldig røyk på dei nedste dekka. Der er det mannskapa som bur. Men det er nok ein god del røyk- og sotskadar på det som passasjerane ikkje fekk med seg ut av skipet, seier Fjell.

– Korleis skal passasjerane få tak i tinga sine?

– Vi jobbar med å få ut det passasjerane eig. Det er det som har prioritet no. Passasjerane får ikkje gå om bord sjølve. Mannskapet skal hente ut eigedelane. Denne prosessen startar straks dette er tilrådeleg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL