Hopp til innhold

Nordlys slept til verft i dag

Hurtigruta Nordlys vart slept til Fiskerstrand verft onsdag formiddag.

Hurtigruta har ligge til kai i Ålesund sidan brannen starta torsdag morgon. Skipet hadde lenge så stor slagside at det var fare for kantring, men med pumping av vatn fekk ein stabilisert hurtigruta.

Tysdag kom godkjenninga frå Sjøfartsdirektoratet som gjer at Nordlys kan bli slept til verftet.

Reparasjonen på anbod

No skal "Nordlys" til Fiskerstrand verft for å gjere midlertidige reparasjonar. Dette skjer ved at båten blir slept frå Ålesund. Øvst i artikkelen finn du ein video der du kan følgje ferda.

Når ein får kartlagt kor store skadane på hurtigruteskipet er, blir reparasjonsarbeidet lagt ut på anbod, og reiarlaget må be om nytt løyve til å flytte skipet om reparasjonen skal skje ved eit anna verft.

Video SLEPET

Evakuerte over 200

Hurtigruta vart evakuert då brannen starta. I overkant av 200 personar var med hurtigruta som var på veg til Ålesund.

Slepet starta like etter klokka ni onsdag morgon og hurtigruta låg ved kai på Fiskerstrand verft i Sula like etter klokka 13.

Turen gjekk frå Ålesund, rundt Heissa og inn Heissafjorden til Sula.

Nordlys ved kai på Fiskerstrand

VED KAI: Nordlys ligg onsdag ettermiddag til kai på Fiskerstrand verft i Sula.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK