Hopp til innhold

Røeggen vil anke til Høgsterett

Småsparar Ivar Petter Røeggen tapte omkampen mot DnB NOR i Borgarting lagmannsrett. I fjor vann Røeggen i Oslo tingrett. No vil han anke til Høgsterett.

Video Røeggen tapte

Småsparar Ivar Petter Røeggen frå Averøy tapte mot DnB NOR i Borgarting lagmannsrett i dag. No vil han anke til Høgsterett.

Tusenvis av småsparar håpa at Røeggen ville sigre også i lagmannsretten. Slik gjekk det ikkje:

"En investor i kapitalmarkedet har risikoen for sin egen investeringsbeslutning. Prinsippet er så grunnleggende at det må gjelde uavhengig av om investor er profesjonell eller ikke", skriv retten.

– Litt skuffa

Ivar Petter Røeggen seier til NRK at dommen var venta.

– Eg er ikkje så forferdeleg overraska. Eg har heile tida vore klar over at det kan gå begge vegar, men litt skuffa er eg, seier han.

Røeggen meiner han hadde ei rimeleg god sak.

– At dommarane har tatt banken si side forstår eg ikkje heilt. Men slik er det berre.

Les også:

Vil anke

Ivar Petter Røeggen

Ivar Petter Røeggen saman med direktør Randi Flesland i Forbrukarrådet og advokatane Jon Christian Elden og Thomas Berge.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Småspararen tapte 230 000 kroner i to aksjeindeksobligasjonar som han investerte i med lånte pengar. Han bur seg no på ei ny runde i retten.

– Så sant eg får med meg mine støttespelarar i Forbrukarrådet så skal eg gjerne vere med på ein anke, seier han.

Les også: Høyesterett lar Røeggen-saken vente

– Kva betyr dette tapet for deg personleg?

For meg personleg betyr det ikkje så veldig mykje. Det som er trist er alle dei andre som står og ventar, og no får seg eit lite slag i ansiktet.

I Finansklagenemnda ligg det no 1871 klagar på tilsvarande produkt. Klagane vil ikkje bli behandla før det blir rettskraftig dom i Røeggen-saka.

– No veit eg av erfaring at det blir utruleg mange telefonar frå spesielt eldre folk som har tapt sparepengane sine. Dei er nok mykje meir skuffa enn meg, seier Røeggen til NRK.