Hopp til innhold

AMK varsla 23 minutt etter politiet

AMK vart først varsla 23 minutt etter at politiet fekk meldinga om fritidsbåtulykka ved Lepsøyrevet i Haram fredag kveld. 3 personar miste livet i forliset.

Søk etter omkomne lepsøyrevet forlis

Leiteaksjonen pågjekk til søndag klokka 12.27 då den siste av dei sakna vart funnen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I slike situasjonar skal det vere automatikk i at både brannvesen og AMK – og dermed helsepersonell – blir varsla umiddelbart.

AMK fekk ikkje melding

Leiteaksjon Lepsøyrevet forlis

Politiet og Røde Kors samordnar redningsaksjonen laurdag formiddag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Klokka er 22.14 fredag 30. september. Politiet får melding om at ein fritidsbåt er gått på grunn ved Lepsøyrevet i Haram. Eit minutt seinare blir Hovudredningssentralen varsla.

– Vi fekk meldinga klokka 22.15, stadfestar dei til NRK.

Men så skjer det ein glipp. AMK-sentralen ved sjukehuset i Ålesund får ikkje meldinga. Ikkje før klokka 22.37. Då er det gått 23 minutt sidan politiet tok imot naudsamtalen.

Les også: Fann den siste av dei sakna

Stadfestar tidspunktet
Arnt Sommerlund

Arnt Sommerlund er kommunikasjonssjef i Helse Møre og Romsdal. Han stadfestar at AMK ved Ålesund sjukehus fekk meldinga klokka 22.37.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Kommunikasjonssjefen i Helse Møre og Romsdal, Arnt Sommerlund, stadfestar tidspunktet til NRK.

– Vi har loggført at vi fekk ei melding til naudtelefon 113 klokka 22.37 fredag kveld til AMK ved Ålesund sjukehus, opplyser han.

Både politiet og Hovudredningssentralen stadfestar at dei fekk meldinga 22.14 og 22.15. Men Sommerlund vil ikkje seie noko om kor uvanleg det er at sjukehuset får beskjed så lenge etter.

– Det kan ikkje vi kommentere. Vi må forhalde oss til meldinga vi får inn på naudnummer 113, og så set vi i verk tiltak deretter, seier han.

Les også: - Burde vore merka

Vil ikkje kommentere

Strandsøk Lepsøyrevet

Politiet fekk melding om ulykka klokka 22.14. Først 23 minutt etter vart AMK varsla.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

NRK har vore i kontakt med både politiet i Ålesund og Hovudredningssentralen for Sør Noreg for å få kommentarar til saka.

Det vil dei ikkje gi før i kontortida måndag. Men begge partar viser til den andre når det gjeld ansvaret for å varsle AMK.

3 personar omkom i ulykka på Lepsøyrevet. Ei vart hardt skadd. Det gjekk 23 minutt før sjukehuset og AMK vart varsla om at fleire menneske var i livsfare nokre nautiske mil unna.