Hopp til innhold

Direktøren trur på gull i morgon

Den store gulldraumen til Molde kan bli oppfylt i morgon. Direktøren i MFK, Tarje Nordstrand Jakobsen, trur sjansane for gull er gode.

Tarje Nordstrand Jacobsen

Tarje Nordstrand Jacobsen har ikkje planlagt feiring, men vedgår at sjansane er store for gull.

Foto: NRK

MFK manglar tre poeng når det står att tre kampar av eliteserien 2011. Sju gongar har Molde kome på andreplass i eliteserien, men vinn dei mot Strømsgodset er seriegullet sikra.

Trygg på resultatet

Molde fotballklubb har vore nær gullet fleire gongar. 7 seriesølv er på merittlista, men no er dei klare for gull.

– Presterer vi på vårt beste, så er sjansane veldig gode for å vinne. Då er eg trygg på eit godt resultat. Eg trur det meste ligg til rette, seier klubbdirektør Tarje Nordstrand Jacobsen.

Også fansen har trua på at det blir ein stor dag i morgon. Trykken av gulldraktene går for fullt, og dei vil vere på under jakka på morgondagens kamp.

Les: - Vi stiller opp med gulldrakta under jakkene på søndag

Video Gullfeber i Molde

Gulldrakta er i trykken, og mange vil ha den på under jakka på Aker stadion i morgon.

Foto: Nyhetsspiller

Har ikkje planlagt feiringa

Men sjølv om dei fleste har trua på at gullet er sikra i morgon, har ikkje leiinga i fotballklubben planlagt korleis gullet skal feirast.

Som ansvarlege leiarar er vi forplikta til å tenke ein tanke eller to, men elles bruker vi ingen energi på det før kampen er ferdigspelt på søndag, seier direktøren.

Og heller ikkje manager Solskjær vil snakke om feiringa. Tidlegare i veka ville han ikkje ein gong snakke om gull: Solskjær snakker ikke om gull

– Korleis opplever de å vere der de er akkurat no?

– Det kjennes bra på mange måtar. Det gir sjølvtillit å ligge på toppen av tabellen. Dette er viktig at vi utnyttar best muleg. Samtidig må vi vere passe audmjuke overfor motstandarane, seier Jacobsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL