Hopp til innhold

Vil sentralisere tilbodet til for tidleg fødde

St. Olavs Hospital i Trondheim vil på nytt prøve å sentralisere tilbodet for dei for tidleg fødde.

Video NEONATAL TRUA

Forslaget om å sentralisere tilbudet til for tidlig fødde barn til Trondheim møter motbør i Ålesund.

St. Olavs ønskjer å ta hand om dei som er fødde før 28. svangerskapsveke, i tillegg til behandling av barn som er fødde ved termin, men som har store komplikasjonar under fødselen.

- Overraskande

Neonatalavdelinga i Ålesund har i fleire år vore nedleggingstruga, men i 2007 blei det vedteke at behandlinga skal skje både i Trondheim og i Ålesund. Derfor kjem dette forslaget overraskande på mellom anna avdelingssjef Ove Økland i Ålesund.

- Dette var gjennom ei grundig behandling som enda med eit styrevedtak i 2007. Og der vart konklusjonen at det ikkje var faglege eller økonomiske årsakar til å sentralisere ytterlegare.

Økland seier at dei òg fann ut at ei slik sentralisering vil koste ekstra.

- Inga endring

Har det skjedd noko dei siste åra som tilseier at det er fagleg forskjell mellom Ålesund og St. Olavs?

- Nei, ingen tal viser det, seier Økland.

For tidleg å seie noko om resultatet

Saka kan kome opp i løpet av 2012, i den såkalla eigarstrategisaka.

Men fagdirektør i Helse Midt-Norge, Nils Eriksson, meiner det er altfor tidleg å seie om det blir lagt opp til ei sentralisering.

- Eg vil ikkje uttale meg i kva retning den eine er betre enn den andre. Det er ikkje det som er avgjerande for denne saka.

Kva er det som er avgjerande?

- Det er litt uklare meiningar mellom fagfolk om det beste er å samle dei minste nyfødde på ein stad for å få meir trening i å behandle dei.