Gardermoen er stengt. Det regnar der og regnet frys på bakken. Flyplassen opnar i alle fall ikkje før klokka 10.00. Dette førte til at mange passasjerar over heile Noreg måtte legge om planane i dag.
- Les også:
– Vi veit ingen ting
Nokre av passasjerane skulle verkeleg langt. Trude Dahle var på veg for å feire jul og nyttår i Florida. Framleis vonar ho at ho skal kome seg dit. Men det blir neppe i dag.
– Vi skulle til Florida. No veit eg ikkje kva som skjer. Men vi kjem oss vel ikkje av garde i dag. Eg veit ingen ting, seier Trude Dahle.
– Men når kan det bli Florida-tur då?
– Nei, det spørst kva dei kan gje oss. Vi får håpe vi kjem oss av garde. Vi rekk ikkje flyet vi skulle ha teke frå New York i alle fall, så forseinka som flytrafikken er no, seier Dahle.
– Får berre dra heim
Då flyet frå Kristiansund til Oslo tok av ved åttetida i dag tidleg, hadde passasjerane håp om at Gardermoen skulle vere open då dei kom fram. Slik gjekk det ikkje. Flyet snudde før dei var komne halvvegs.
– Eg skulle på eit dagsmøte på Gardermoen. Men møtet var tydelegvis lagt til feil dag. Eg veit ikkje om møtet blir gjennomført. Eg tvilar i alle fall på at eg kjem meg dit. Nå får eg finne ut kva eg skal gjere med billetten og så vende nasen heim, seier Ingunn Golmen.
– Skulle til Nord-Sverige
Ein av dei som blei råka av vanskane i flytrafikken var lufthamnsjefen sjølv, Ole Kristian Pettersen.
– Ja, eg skulle ein tur til Nord-Sverige. Men den turen gjekk fløyten. Sånn er det berre, seier Pettersen.
– Kva planar har du no då?
– No får eg heller ta ein kontordag. Så får eg sjå om eg dreg til Oslo i ettermiddag eller i morgon tidleg. Dit må eg i løpet av veka uansett, så eg vonar dette blir betre etter kvart, seier Pettersen til NRK.
– Korleis forklarar du det som har skjedd i dag?
– Vi set tryggleiken fremst. Og det blir utruleg glatt når regn og skodde treff bakken og frys umiddelbart. Her hos oss får vi av og til ei ruglete overflate når regn frys. Men på Gardermoen frys regnet umiddelbart, og det vert utruleg glatt, seier Pettersen.
– Det blir truleg fleire forseinkingar og kanselleringar i flytrafikken ut over dagen, seier John Offenberg, lufthamnsjef på Årø i Molde.
Reisande får beskjed frå flyselskapa om korleis dei skal halde seg.
- Les også:
- Les også:
- Les også: