Ulukka skjedde like etter klokka 19 måndag kveld. Familien på fem sat i personbilen, og kolliderte med eit vogntog på E39 vest for Vinjeøra i Hemne. Tilstanden til barna som overlevde er alvorleg, men stabil.
I Eide står flagga på halv stong i dag. Det er sorg i lokalsamfunnet, og det kommunale kriseteamet er kalla saman.
– Det er ein svært tung dag i Eide. Alle kjenner familien på ein eller annan måte. Mor er tilsett i Eide kommune og far er svært aktiv i idretten. Det er tunge stunder, og vi føler med familien, seier ordførar i Eide, Ove Silseth.
- Les også:
– Samla kriseteamet
Politiet fekk melding om ulukka klokka 19.18. To helikopter, ambulansar, brannvesen og politi blei sende til ulukkesstaden. Vitne har opplyst at vogntoget fekk sleng på hengaren i ein sving.
I Eide blei kriseteamet kalla saman om lag ein time seinare.
– Vi fekk melding om ulukka i går kveld. Kriseteamet blei samla klokka halv ti. Dermed fekk vi informert etter kvart som opplysningane kom inn. Både lærarar og tilsette i barnehagen fekk informasjon i går kveld, seier Silseth.
Heile Eide er råka av ulukka. Ikkje minst gjeld dette både skulen og barnehagen.
– Barna heiste flagget på halv stong
– I dag har barna fått informasjon frå lærarane og leiarane i barnehagen. Tredjeklassen som miste klassekameraten sin heiste flagget på barneskulen i dag, og vi flaggar på halv stong på rådhuset, seier Silseth.
– Heile Eide prega av ulukka
Det er planlagt minnestund i Eide. Tidspunktet for minnestunda er ikkje fastsett. Dette kjem til å skje i samråd med familien.
–Dette er ein dag som er prega av sorg i heile Eide kommune. I ei slik stund er det viktig å vere saman.