Slik ser det ut når det gjeld ferjene i Møre og Romsdal klokka 6.00, tysdag morgon:
Følg trafikkoppdateringane frå ferjeselskapet Tide her.
Følg trafikkoppdateringane frå ferjeselskapet Fjor1 MRF her.
- På Ev 39 er ferjesambandet Festøya - Solevågen stengt. Det gjeld fram til klokka 0650 - ti på sju.
- Festøy-Hundeidvik er innstilt.
- På Fv 64 er det innstilt mellom Sølsnes - Åfarnes
- Hurtigbåtsambandet Ålesund-Hareid-Valderøya er innstilt.
- Ferja frå Småge til Ona er innstilt.
- I Hjørundfjorden i Ørsta er det innstilt ferje mellom Lekneset - Sæbø
- Og til Nordøyane i Haram har ferjesambandet Haramsøya - Lepsøya - Skjeltene vanskar. Ferja går, men vel truleg Brattvågen i staden for Skjelten.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Ei rekkje vegar er stengde tysdag morgon:
Få oppdateringar frå Statens vegvesen her.
– Det skal snart bli betre på vegane. Men det er mørkt, og det er ras og rasfare. Vi går ikkje inn i rasområda medan det er mørkt. Men vi skal klare å opne dei fleste vegane kort tid etter at det er blitt lyst, seier Ivar Hol i Statens vegvesen.
- Fv 651 Straumshamn - Fyrde
- Fv 60 Stranda - Sykkylven, ved Fetvatnet .Stengt på grunn av jordras. Ingen omkjøringsmuligheter.
- Fv 655 Norangsdalen er stengt på grunn av snøras.
- Fv 18 Buholmen - Goksøyr i Herøy, altså det er Rundebrua som er stengt
- Fv 43Hunneset - Vatne er stengt.
- Fv 70 Store Standal - Festøya i Hjørundfjorden er stengt på grunn av fare for ras.
- Fv 77 Armodsøyna - Hjorthol er stengt på grunn av jordras.
- Fv 399 Borgundvegen, ved Ev136 i Ålesund er midlertidig stengt på grunn av opprydningsarbeid.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Svært mange er utan straum:
30 tusen personar i Møre og Romsdal er utan straumpå grunn av stormen Dagmar sine herjingar.
Det gjeld Hareid, Ulstein, Herøy delar av Sande, Dalsfjorden og Austefjorden i Volda. Det opplyser vaktingeniør Ola Perry Maude i Tussa.
Mange har vore utan straum sidan søndag kveld.
Straumbrota kan i periodar vere endå meir omfattande. Vi har fått melding om at Grytastranda i Haram har vore utan straum sidan søndag.
– Straumbrota har eit omfang som er på nivå med nyttårsorkanen i 1992, seier Svein Rødal som er beredsskapsansvarleg for kraftsituasjonen i fylket.
Rødal trur dei aller fleste vil få straumen tilbake i løpet av dagen i dag.