Hopp til innhold

–Vogntoga må stoppast på grensa

Dei kjem frå utlandet, og dei set seg fast på norske vintervegar. No skal kontrollane intensiverast.

Video SNØKAOS PÅ ØRSKOGFJELLET

Det blei kaos på Ørskogfjellet tidlegare i vinter, då utanlandske vogntog sette seg fast.

Utanlandske vogntog står for 22 prosent av tungtrafikken i Noreg. Likevel står dei for heile 33 prosent av bilbergingane om vinteren. Statistikken baserer seg på bilbergingar i Romsdalen. Men situasjonen skal vere lik over heile landet.

Ivar Hol, Statens vegvesen

Ivar Hol er seksjonssjef i Statens vegvesen.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

– Dette er eit aukande problem. Det skal ikkje mykje til før slike køyrety køyrer seg fast. Og når eitt køyrety køyrer seg fast må også dei neste stoppe. Då har vi det gåande, seier Ivar Hol i Statens vegvesen.

– Sjåførane kjenner ikkje forholda

Det er ikkje berre dårlege dekk og mangel på kjettingar som gjer at utanlandske vogntog køyrer seg fast. Fleire av dei er også konstruerte på andre måtar enn vogntoga som er vanlege i Noreg.

– Ofte har det med konstruksjonen å gjere. Mange køyrer også på harde dekk. Mange sjåførar er heller ikkje vane til å køyre på snø og isdekke, seier Hol.

– Må prioriterast

Også leiar i transportkomiteen på Stortinget, Knut Arild Hareide, meiner at noko må gjerast. Han går inn for strengare kontrollar på grensa.

Knut Arild Hareide KrF

Knut Arild Hareide(Krf) er leiar i transportkomiteen i Stortinget.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

– Vi må prioritere dette opp. Grensekontrollar og kontrollar på norske vegar er det viktigaste tiltaket, seier Hareide.

– Men fryktar du ikkje kostnadene?

– Det er betre at vi brukar pengar på fleire kontrollar, enn at vi brukar store ressursar på berging. Med fleire kontrollar kan vi unngå problema. Kostnaden med fleire kontrollar blir langt mindre enn det problema vi har i dag kostar, seier Hareide.

– Vanskar med betalinga

Vegvesenet og politiet har ofte problem med å finne ut kven som skal betale for berginga av utanlandske vogntog. Det hender at både vegvesenet og politiet må bestille bilberging, og dermed må betale i første omgang.

– Vi i vegvesenet prøver å få tilbake dei pengane vi har lagt ut. Utgangspunktet blir registreringsnummeret på køyretya. Men ofte blir det ein tung og lang veg å gå. Det er ikkje alltid vi lukkast, seier Hol.

Vil løyse problemet

No går Statens vegvesen og Lastebileigarforbundet saman for å løyse problemet.

Dagrunn Krakeli

Dagrunn Krakeli i Lastebileigarforbundet.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dei lagar problem for vogntog som blir ståande bak og vente og dei tek ressursar frå Statens vegvesen, seier Dagrunn Krakeli i Lastebileigarforbundet.

– Kva tiltak ser du for deg?

– Det må setjast inn sterkare og større kontrollar på grensa. Bilane må vere skodde etter oppdraget. Dei må ha med seg det dei treng om dei skal køyre på norske vintervegar, seier Dagrunn Krakeli.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL