Hopp til innhold

– Imponerande eksportrekord for klippfiskindustrien

Norsk klippfiskindustri hadde i fjor eksportrekord i volum og verdi. Aldri før har det vore eksportert like mykje klippfisk som i 2011. – Imponerande, seier fiskeri- og kystministar Lisbeth Berg-Hansen.

Tørking av klippfisk

Norsk klippfisk har hatt endå ein eksportrekord i 2011.

Foto: Med tillatelse frå Jacob Bjørge AS

Fiskeri-og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fiskeri- og kystministar, Lisbeth Berg-Hansen, er imponert over rekordåret for norsk klippfisk.

Foto: Brede Olav Røsjø / Remi Sagen / Alf Jørgen Hernes Tyssing / NRK
Klippfisk Jacob Bjørge AS

2012 kan verte eit usikkert år for klippfiskindustrien.

Foto: Med tillatelse frå Jacob Bjørge AS

Den norske klippfisknæringa har dei siste åra opplevd gode tider. 2011 vart året for eksportrekord i både volum og verdi. Fiskeri- og kystminister Berg-Hansen slår fast at norsk klippfisk har ein sterk marknadsposisjon trass dårleg økonomi i Europa.

– Det er imponerande å sjå at klippfisknæringa klarar å auke eksporten når fleire av dei viktigaste marknadane våre opplever økonomiske problem. Det viser at mange i næringa har gjort ein god jobb det siste året, seier fiskeri- og kystministaren.

Les også:

Klippfisken vert prioritert

Sør-Europa opplever økonomiske vanskar, og dette gjer at mange er usikre på åra som kjem. Ministaren seier at det er vanskeleg å spå korleis problema i Europa vil påverke sjømateksporten framover.

– Portugal er ein veldig viktig marknad for norsk klippfisk, og vi føljer nøye med denne utviklinga. Det er gledeleg at portugisarane prioriterar å ete god og sunn sjømat også i vanskelege økonomiske tider, seier Berg-Hansen.

Ministaren legg til at verdien av torskeeksporten frå Noreg til Portugal auka med 23 prosent i fjor.

Les også:

100 klippfiskmåltid i året

Kyrre Dale, fiskerianalytiker i Nordea, meiner at norsk klippfisk er konkurransedyktig, og har sterke røter i fleire land i verda. Portugal er Noregs største torskemarknad, og konsumerar store mengder av denne fisken.

– Portugal er eit svært viktig land for klippfiskindustrien. Kvar portugiser et 100 klippfiskmåltid i året, og eksportrekorden viser at portugiserane er trufaste til klippfisken trass krisetider, fortel analytikaren.

Artikkelen fortsett under biletet.

Eksportvolum klippfisk i tonn 1830-2011

Eksportvolumet for klippfisk har aldri vore større enn no.

Foto: Med tillatelse fra Nordea og fiskerianalytiker Kyrre Dale.

I tillegg seier Dale at Portugal har 400 år med klippfisktradisjon bak seg, og sjølv om økonomien er dårleg vil dei halde fram å kjøpe fisk. Han forventar ein prisnedgang, men meiner at det vil bli eit bra år i Portugal.

– Eg ser ikkje mørkt på framtida til klippfisknæringa, konstaterar analytikaren i Nordea.

Les også:

Den tradisjonsrike klippfisken

Salt- og klippfiskindustrien har eksistert i Noreg i over 300 år, og har sterke røter på Sunnmøre. Ålesund vart arvtakar av hovudstadtittelen til Kristiansund etter andre verdskrig, og næringa har vore i vekst sidan.

Nils Helge Aarseth, dagleg leiar ved AS Møre Codfish Comp., slår fast at klippfisken har hatt spesiell suksess dei tre siste åra. Han trur at framtida vert positiv, men at ein må ta høgde for at det vil kome svingningar i tida framover.

– Det har no vore den høgste rekorden nokon gong. Dette er nok grunna gode marknadsforhold og bra tilgang på råstoff. Klippfisken har ein sterk posisjon på mange marknader, og ikkje minst ein svært sterk tradisjon, seier Aarseth.

Les også:

Artikkelen fortsett under biletet.

Salting av klippfisk

Klippfisknæringa har hatt suksess dei siste åra.

Foto: Med tillatelse frå Jacob Bjørge AS

– Må forvente ein nedgang i 2012

Den daglege leiaren frå Ellingsøy i Ålesund kommune seier at klippfisknæringa har overlevd mange dårlege tider, og det vil nok gå bra denne gongen og.

– Det neste året vil bli usikkert grunna den kritiske økonomiske situasjonen i Europa. Dette vil nok gå utover kjøpekrafta i desse landa, men det er vanskeleg å vite korleis utfallet blir. Det vil nok ikkje verte endå eit rekordår, seier Aarseth.

Disponenten gleder seg over fjorårets eksportrekord, og syns at det er positivt å sjå at klippfisken vert sett pris på.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL