Hopp til innhold

Lege snoka i journalar

Legen snoka i journalar til profilerte personar og kollegaer ved sjukehuset. No granskar Fylkeslegen saka.

Molde sjukehus

Ein lege ved sjukehuset i Molde er avslørt for ulovleg lesing av pasientjournalar. No granskar Fylkeslegen saka.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Legen har no slutta ved sjukehuset i Molde, men skal framleis vere i arbeid ved eit sjukehus i ein annan helseregion i Noreg. Fagdirektør Odd Veddeng i Helse Møre og Romsdal seier at dei har avdekt 15 tilfelle av jornalsnoking.

Odd Veddeng

Odd Veddeng er fagdirektør ved Helse Møre og Romsdal.

Foto: NRK

– Det er snakk om journalar over medarbeidarar av ulik kategori. Det er snakk om pasientar som han ikkje har hatt noko behandlarforhold til. Då har han ikkje rett til å sjå desse journalane, seier Veddeng.

– Sjekka minst ein profilert person

Men det er ikkje berre kollegaer legen har sjekka journalane til. Han har også snoka i journalen til ein person som er profilert i media.

– Her er minst ein profilert person. Vedkomande var innlagt på sjukehuset, og denne legen hadde ikkje noko behandlarforhold til denne personen, seier Veddeng.

– Toppen av isfjellet

Legen var tilsett ved Molde sjukehus fram til 2011. Forholda han no blir granska for skjedde i 2009. Leiinga ved Helse Møre og Romsdal trur dei berre har oppdaga toppen av isfjellet.

Cato Innerdal

Cato Innerdal er assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal.

Foto: Markus Plementas / NRK

– Vi har rapportert inn 15 tilfelle som var utan heimel. Dette blei funne etter eit avgrensa søk. Det er grunn til å tru at det har vore fleire oppslag i journalane som ikkje skulle ha vore der, seier Veddeng.

No blir det gransking

Det er assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal, Cato Innerdal, som skal granske saka mot legen.

– Statens Helsetilsyn kan gje reaksjonar i form av åtvaringar eller ta frå han autorisasjonen, seier Innerdal.

– Blir det aktuelt å melde legen til politiet?

– Statens Helsetilsyn kan ta ut ei såkalla påtalebegjering. Alternativt kan helseforetaket sjølv melde saka til politiet, seier Innerdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL