Hopp til innhold

Vil ha nasjonalt opprør mot asylpolitikken

Planane om å returnere asylsøkarar opprører ordføraren i Tingvoll. No tek han initiativ til eit opprør blant norske ordførarar.

Peder H. Aasprang

Peder H. Aasprang (Sp) er ordførar i Tingvoll. No vil han ha eit nasjonalt ordføraropprør mot asylpolitikken.

Foto: Remi Sagen / NRK

Peder H. Aasprang representerer eit parti som sit i regjeringa. Som senterparti-ordførar bed han no alle norske ordførarar om å markere seg som motstandarar av asylpolitikken. Målet er å hindre at etiopiske barn blir sende ut av landet med tvang.

– Det er mange som er opprørt no. Både skule, apparatet rundt desse barna, og familiane har sterke reaksjonar. Vi kan ikkje ta sjansen på å sende desse tilbake til regima i Etiopia og Eritrea, seier Aasprang.

Det er den ferske returavtalen mellom Noreg og Etiopia som får Tingvollordføraren til å reagere. Sjølv har han ein familie med to barn frå Etiopia i sin kommune. Dei kan etter avtalen bli sende tilbake når som helst.

Eg er ordførar for alle innbyggarane i kommunen. Dermed er dette ei viktig sak å engasjere seg i. No må vi sende eit sterkt signal til regjeringa, seier Aasprang.

Kor stor oppslutnad trur du at du får?

– Det er sterkt politisk fokus på dette no. Vi må få til klare tilbakemeldingar.

– Men du er sjølv med i eit av regjeringspartia. Er det ikkje litt naivt å tru at du får massiv støtte?

– Nei. Senterpartiet har signalisert kva vi meiner om denne saka. No må vi seie kva vi meiner om dette. Også i Arbeidarpartiet er det ein gryande motstand mot å behandle barna frå desse landa på ein slik måte, seier Aasprang.