Hopp til innhold

Nynorske mobilapplikasjonar

Det nynorske digitale oppslagsverket Allkunne, lanserte fredag ein av dei første nynorske mobilapplikasjonane for iPhone og Android.

Mobilapplikasjoner

Ein av dei første nynorske mobilapplikasjonane er lansert

Foto: Allkunne

Mobilapp på skjerm

Oppslagsverket Allkunne sin nynorske mobilapplikasjon

Foto: Allkunne

Fredag 4.mai lanserte Allkunne ein av dei første nynorske applikasjonane. Dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn seier applikasjonane er viktige fordi mobil i dag står for ein stor del av nettbruken.

Satsar på mobile plattformer

– Det det svært viktig å ha nettsider tilpassa plattformene der lesarane er. I fjor lanserte Allkunne mobiltilpassa nettside, og no følgjer vi opp satsinga på mobile plattformer med applikasjonar, seier Rotevatn.

Allkunne er eit nynorsk digitalt oppslagsverk som er gratis og inneheld rundt 5000 artiklar. Oppslagsverket har hovudsakleg konsentrert seg om nynorsk kulturhistorie, men blei i 2012 eit fullverdig leksikon.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn i Allkunne seier det i dag fins få nynorske mobilapplikasjonar

Foto: Trond Vestre / NRK


Lite nynorske applikasjonar

– Det finst ei uendeleg rekkje mobilapplikasjonar, men enda er det lite nynorske applikasjonar på marknaden. Desse mobilapplikasjonane skal gi lesaren eit kvalitetssikra nettleksikon for handa. Det er viktig for demokratiet at det finst fleire røyster i det offentlege rommet, og Allkunne vil vere der brukarane er, seier Rotevatn.

Mobilapplikasjonane er utvikla av Avento AS i Ålesund.