Det er langt mellom damestøvlettar og leppestift på brannstasjonar og 110-sentralar rundt om i landet. Berre 3,7 prosent av dei tilsette er kvinner.
Det finst tøffe kvinner
I Ålesund er det ingen kvinner som sløkkjer brannar, men det finst eit par damer i administrasjonen. Birte Bjørkås er branningeniør og ho meiner fleire kvinner bør søkje på ledige stillingar.
– Det finst damer som både dykkar og køyrer lastebil der ute, og som absolutt hadde vore klar for å sløkkje ein brann, seier Bjørkås.
LES OGSÅ:
Kvinner søkjer ikkje
Men om damene finst ein stad, søkjer dei likevel ikkje på ledige jobbar i brannvesenet.
– Det er veldig få kvinnelege søkjarar. Vi har hatt to damer som var vikarar og dei ville ikkje halde fram, seier Arne Sigurd Hansen. Han er avdelingsleiar for beredskapen i Ålesund.
Fysiske krav kan skremme
Hansen trur kvinnene fryktar at det skal vere eit spesielt miljø på ein brannstasjon med berre menn. Dessutan vert det stilt ei rekkje fysiske krav til dei som skal jobbe som brannmann.
– Så lenge ein klarer krava, spelar det inga rolle om du er kvinne eller mann, seier Hansen.
Svangerskap
No har Fagforbundet engasjert seg. Dei har sett ned ei faggruppe som skal sjå på utfordringane.
– Planlegging ved graviditet og det å få inn riktig verneutstyr er noko av det vi jobbar med, seier Karianne Hansen Heien, som er rådgjevar.
Dei jobbar også med å endre haldningar, for å få inn fleire kvinner. Oslo har det aller største brannkorpset og dei har berre sju-åtte kvinner av ein tropp på fleire hundre.
Mange mytar
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har eit ansvar for mangfald i brannvesenet.
Fungerande avdelingsleiar, Heidi Løfqvist, vil mytane til livs.
– Mange trur jobben er for tung og fysiske krevjande for kvinner, men vi trur det finst mange kvinner som er fysisk sterke nok til å bli brannmenn, seier Løfqvist.
Brannkonstabel
Kan det vere ein barriere at yrket heiter brannmann?
– Det er eit innarbeidd ord, men ein bør vere meir bevisst på å kalle det brannkonstabel, seier Heidi Løfqvist.