Hopp til innhold

Her møtte folk opp i fem-tida om morgenen

På Vigra sto folk ved inngangsdørene og venta ved 5-tida om morgonen. Folk møtte opp tidleg for å kome gjennom tryggingskontrollen. Dermed kunne alle flya gå i samsvar med ruteplanen.

Vigra

Alt klokka 5 hadde folk møtt opp ved inngangsdørene til terminalen på Vigra. Dette førte til minimale køar ved tryggingskontrollen. Berre i minutta etter at det hadde kome flybussar frå Ålesund og Moa var det noko kø.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Vektarane har trappa opp streiken. Kristiansund lufthamn, Kvernberget, er fullstendig stengd. På Ålesund lufthamn, Vigra, er det halv kapasitet i tryggingskontrollen.

På Molde lufthamn, Årø, er ingen i streik. Det er det heller ikkje på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden.

I Ålesund har det gått over all forventning. Det har ikkje vore noko køar her, seier lufthamnsjef Tor Hånde til NRK.

Stille i Kristiansund

I Kristiansund drog dei to første flya på morgonkvisten. Deretter blei all trafikk over flyplassen på Kvernberget innstilt.

No er det stille her. Før vi fekk av garde flya til Oslo og Bergen var det litt lenger kø i tryggingskontrollen enn vanleg. Men folk er innforstått med at det er streik. Folk hadde møtt i god tid, så vi fekk flya ut i rute, seier lufthamnsjef Ole Kristian Pettersen på Kvernberget.

Sikkerhetskontroll Kristiansund

Dette er tryggingskontrollen på Kristiansund lufthavn, Kvernberget. Her er det ingen aktivitet i dag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Kontakt flyselskapa

Dei som skal reise med fly frå Kristiansund seinare i dag, blir truleg sende til Molde lufthamn, Årø. Der er det førebels ikkje nokon i streik.

– Folk må kontakte flyselskapet sitt for eventuelt å få endra billettane sine. Det er flyselskapa som er kontaktpunkta overfor passasjerane. Det er lite vi i Avinor kan gjere, dessverre, seier Pettersen.

Stans i helikoptertrafikken

Også helikoptertrafikken til plattformene på Haltenbanken er innstilt.

Terminalen for helikoptertrafikken er stengt, fordi også vektarane der er i streik, fortel Pettersen.

Streikande Vigra

11 vektarar er i streik på Vigra. I midten talsperson for dei streikande, Marion Skarmyr.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

– Halvert kapasitet på Vigra

Opptrappinga av vektarstreiken har ført til at kapasiteten i tryggingskontrollen på Ålesund lufthamn, Vigra, er halvert.

– På Vigra har vi vanlegvis to sluser opne i tryggingskontrollen. Når streiken er trappa opp har vi berre ei. Dermed vil vi gjerne at folk møter her ein til to timar før avgang. Då er det mogleg å avvikle dette på ein nokolunde fornuftig måte.

– Folk er flinke

På Vigra møtte folk opp tidleg i dag. Alt klokka 5 sto det folk utanfor inngangsdørene. Dei frykta kø ved tryggingskontrollen. Men fordi mange kom tidleg, klarte alle å kome seg gjennom, og flya kom seg av garde til normal tid.

Trafikken på Vigra har til no i dag gått veldig bra. Folk har vore flinke. Dei har møtt opp til god tid. Dermed har det vore mindre køar i dag enn på ein vanleg måndag, fortel lufthamnsjef Tor Hånde.

Dermed har det vore lite kø, med unnatak av minutta etter at flybussane frå Ålesund og Moa har kome til flyplassen.

– Den einaste utfordringa vi har, er at flybussane kjem til seint til flyplassen, slik situasjonen er under streiken.

Dei første fire flya frå Vigra gjekk alle etter ruteplanen måndag morgon. Tor Hånde er spent på korleis situasjonen kjem til å utvikle seg ut over dagen.

– Dersom folk kjem hit i god tid skal dette gå bra. Det er bra at folk har tilpassa seg situasjonen som har oppstått, seier lufthamnsjef Tor Hånde på Vigra.

– Vil ikkje råke passasjerane

På Vigra avviser dei streikande at aksjonen er mislukka sjølv om køane uteblir. Dei hevdar at dei ikkje er ute etter å lage vanskar for passasjerane.

Vi er ikkje ute etter å ta passasjerane. Dei skal få reise, og dei kom så pass tidleg i dag at det har ordna seg av seg sjølv, seier talsperson for dei streikande, Marion Skarmyr.

– Vi streikar fordi vi vil auke grunnløna vår. Vi vil ha betre forhold som kan betre rekrutteringa til yrket, seier Skarmyr.