Hopp til innhold

SAS aukar flykapasiteten på Årø

Vektarstreiken gjer det umogleg for passasjerar å reise med fly frå Kvernberget i Kristiansund. Men SAS set opp større fly frå nabobyen Molde i samband med streiken.

SAS-fly letter fra årø

SAS set inn fly med større kapasitet enn vanleg på Molde lufthamn, Årø.

Foto: NRK

Det er full stans i tryggingskontrollen på flyplassen i Kristiansund. Dermed er det uråd å reise ut frå denne flyplassen. Men det er berre ein times køyretid med bil til naboflyplassen i Molde. Mange har teke imot tilbodet om kostnadsfri ombooking, og reiser no frå Molde i staden for Kristiansund.

– Vi aukar kapasiteten i Molde med ein større flytype, slik at vi skal få med oss alle passasjerane, seier informasjonssjef i SAS, Knut Morten Johansen.

Overraskande

For streikeleiar i kristiansund, Roger Mork, kom dette overraskande.

– Eg var ikkje klar over dette, men det er ingenting vi kan gjere med det. SAS har høve til å sette opp ekstra fly, sier han.

Han seier at dette ikkje påverkar deira streik.

– Streiken held fram som før. Eg trur ikkje det har stor innverknad på streiken og resultatet av den.

Han er meir uroa for dei som blei med chaterflya frå flyplassen.

– Dei gjekk ikkje gjennom sikkerheitskontrollen, noko alle skal gjere, seier han.

– Ikkje ekstrafly

I Møre og Romsdal er det full stans i utgåande passasjertrafikk på Kvernberget i Kristiansund. I Ålesund er kapasiteten i tryggingskontrollen halvert som følgje av streiken. Ingen tilsette er tekne ut i streik på Årø i Molde eller på Hovden i Ørsta/Volda.

– Det er ikkje aktuelt å setje opp noko ekstrafly. Men vi aukar kapasiteten. Vi har ein situasjon der vi opererer med eit normalt program, men der vi har nokre enkeltvise tilpassingar for Kristiansund/Molde-situasjonen, seier Johansen.

– Ikkje streikebryteri

Informasjonssjef Knut Morten Johansen avviser at SAS har lagt ein plan i forhold til reglane om streikebryteri. Vedtaket om ikkje å setje opp ekstraavgangar er heller ikkje gjort for å unngå skuldingar om streikebryteri.

– Nei. Det har ikkje noko med dette å gjere. Vi har lukkast med ei totalvurdering av situasjonen, og opererer med eit normalprogram. Eg rosar også publikum som har møtt opp på flyplassane tidlegare enn normalt. På grunn av dette har dei kome fram til flya, som har gått i samsvar med ruteplanen, seier Johansen.