Hopp til innhold

– Vi trur aluminiumsindustrien har ei framtid i Noreg

Langs heile kysten av Noreg, frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord er mange lokalsamfunn heilt avhengige av produksjonen av aluminium. No set dei si lit til at ei endring av CO2-avgifta kan berge satsinga på industrien.

Hydro Aluminium Sunndal

Hydro Aluminium dannar grunnlaget for heile Sunndal-samfunnet. Slik er det i ei rekkje industribygder frå nord til sør i Noreg.

Foto: NRK

Aluminiumsproduksjonen er ein del av den svært kraftkrevjande industrien. Og frå 2013 vert kraftsektoren ein del av kvotesystemet i EU. Det inneber at også prisane på rein vasskraft blir påverka av eit omfattande system med CO2-kvotar.

Systemet har vore planlagt over lang tid. Og når Hydro Aluminium no raslar med utflaggingsspøkelset, vekkjer dette uro blant anna i Sunndal, som er vert for eit av dei mest moderne aluminiumsanlegga i Noreg.

Ståle Refstie

Ståle Refstie (Ap) er ordførar i Sunndal.

Foto: Roar Halten / NRK

– Hydro Aluminium har kome med utflaggingssignal i lang tid. Regjeringa, statsministeren, næringsministeren og representantane på Stortinget er godt klar over desse signala. Hydro har vore tydelege på at dei treng ei løysing på avgiftsspørsmålet, seier ordførar i Sunndal, Ståle Refstie til NRK.

Rein vasskraft med «CO2-avgift»

Norsk aluminiumsproduksjon blir drive med rein vasskraft. Men Noreg er i ein nordisk straummarknad. I denne marknaden er det også kraft som er utvunne med fossilt drivstoff. På denne straumen er det CO2-avgift. Og fordi det er marknadspris på energien, blir også rein vasskraft prisa med utgangspunkt i prisane på straum med CO2-avgift.

Differansen mellom prisen på rein kraft og kraft frå fossil brensel blir rein forteneste for kraftselskapa.

Billy Fredagsvik.

Billy Fredagsvik er tillitsvald i Hydro Høyanger.

Foto: NRK

– Det handlar om ei kompensasjonsordning for indirekte Co2-avgift på vasskraft. Denne kompensasjonsordninga må på plass for å sikre ny satsing og ny utvikling innan norsk aluminiumsindustri, seier Ståle Refstie.

– Indirekte betalar no norsk aluminiumsindustri CO2-avgift på rein vasskraft, legg Refstie til.

– Endring i revidert nasjonalbudsjett

CO2-avgifta har vore ein spøkjelse for aluminiumsindustrien i årevis. Men i revidert nasjonalbudsjett for 2012 kom det forslag til endringar som kan vere med å berge industrien for framtida i Noreg.

Svein Richard Brandtzæg

Svein Richard Brandtzæg er konsernsjef i Hydro.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Oppslaga i dag må ha kome som følgje av ei misforståing. Det er i ferd med å opne seg nye høve til investeringar i Noreg. Vi skal få kompensasjon for CO2-påslaget vi har hatt, seier Billy Fredagsvik, tillitsvald ved Hydro Høyanger.

– Hydro-leiinga har vore klar over lang tid på at det opnar seg høve til nye investeringar i Noreg. Det er uheldig om det blir skapt uro om dette no. Det har ikkje samanheng i noko av det som har vore sagt til no, seier Fredagsvik.

Bellona jubla

Også miljøorganisasjonen Bellona var nøgde med satsinga kring aluminiumsindustrien då klimameldinga blei lagt fram i april. Bellona ser på den totale miljørekneskapen kring aluminiumsindustrien som positiv.

Opprettinga av Klima- og energifondet er positivt for norsk aluminiumsindustri ifølgje Bellona. Dei sluttar seg til kravet om at dette er ein industri som treng rammevilkår som sikrar omstilling.

– Kan føre til meir utslepp

Aluminiumsindustrien og styresmaktene har altså i lengre tid arbeidd med ei kompensasjonsordning. Å betale ei slags CO2-avgift på rein vasskraft har vore oppfatta som konkurransevriding.

Særleg er det land som Quatar som har vore omtalt som aktuelle utflaggingsland for denne industrien. Dette er land som brukar fossile brensel, men som ifølgje Refstie ikkje har ei ordning med CO2-avgift.

Om utflagging blir aktuelt kan produksjonen bli flytta til land der utsleppa frå kolkraft og gasskraft er mykje større enn i Noreg, seier Refstie.

– Blir litt uroa

Til no har alle signal tyda på at arbeidet med å få til ei kompensasjonsordning har hatt framgang. Onsdag la FAFO fram ein rapport om temaet og dette blei lagt fram på ein konferanse, med blant andre næringsminister Trond Giske til stades.

– Dersom dette betyr at regjeringa meiner at ordninga er i fare, er det grunn til å vere uroa. Men alle signal til no har tyda på at EU-systemet skal arbeide fram eit system som skal vere på plass innan 2013. Eg vonar inderleg at dette står ved lag, seier Refstie.

– Trur dette ordnar seg

Det er eit seminar onsdag som har ført til ei rekkje oppslag der konsernsjef i Hydro, Svein Richard Brandtzæg er sitert på at utflagging er eit scenario. På seminaret såg han føre seg fleire aktuelle utviklingstrekk.

– Vi er ved eit vegskilje. Hydro står framfor mange viktige val framover, sa Brantzæg, i det han viste fram ein graf med to utviklingstrekk: Enten kjem det ei rekkje nyinvesteringar, eller så blir det bråstopp i investeringar i Noreg.

Utspelet har vekt ei viss uro. Men dei som har følgt prosessen kring Hydro Aluminium i ei årrekkje har ikkje mist nattesøvnen. Dei tek situasjonen med ro og trur at det heile ordnar seg.

– Hydrodirektøren har heilt rett i at det vert vanskeleg om denne ordninga ikkje kjem på plass. Grunnlaget for nysatsing i Noreg er borte om dette blir tilfelle, og aluminiumsindustrien kjem til å leve på lånt tid. Men eg trur dette ordnar seg, og at regjeringa, stortinget og næringsministeren står ved det dei har sagt, seier ordførar i Sunndal, Ståle Refstie.