Slo AaFK 2 for 11 dagar sidan – kan sende regjerande cupmeister AaFK ut av cupen i dag
Sjå Aalesund - Byåsen direkte her.
Byåsen er «underdog» som få når dei gjestar Ålesund og Color Line Stadion i tredje NM-runde. – Vi skal definitivt vidare til fjerde runde, seier ein sjølvsikker AaFK-trenar Kjetil Rekdal.
Publisert 20.06.2012 10:52.
- Kommentarer
- Skriv ut

FREDFULL FREDLUND: Byåsen-trenar Tore Fredlund slo AaFK 2 i Ålesund for 11 dagar sidan. I dag onsdag kan Byåsen slå regjerande cupmeister AaFK ut av 3. runde i cupen.
Foto: Byåsen FotballFå i verda kan skryte av betre cupstatistikk enn AaFK dei tre siste åra. Oransjetrøyene har nemleg to NM-gull på tre forsøk.
For Aalesund-trenar Kjetil Rekdal teller derimot cupgulla tre, etter eitt gull med Vålerenga òg.
Han går – sjølvsagt – for eit fjerde i år.
– Kvart år er målsetjinga å kome så langt som mogleg, både for det økonomiske og det sportslege. Og jo lenger og nærmare ein kjem Ullevål, dess meir gira blir ein.
– Vi har vore gode i cupen i seinare tid, så vi får håpe at det blir som dei tidlegare åra i år òg, seier Kjetil Rekdal.
- LES OGSÅ: Johansen fryktar Høddvoll
- LES OGSÅ: Her kan du følge 3. cuprunde
– God statistikk i Ålesund
Neste utfordring for Aalesund er Byåsen. Dei spelar til dagleg i 2. divisjon, avdeling 2 der dei ligg på andreplass bak Kristiansund.
I same avdeling finn ein også AaFK 2. Byåsen og Aalesund 2 møttest for 11 dagar sidan i Ålesund. Då vann trønderane 3–1.
– De kan altså slå AaFK 2 og regjerande cupmeister AaFK i løpet av 11 dagar?
– Det er ikkje så nøye. Vårt einaste fokus er cupkamp, og i denne kampen dreiar deg seg ikkje om kven som er best. Alle veit at det er AaFK. For oss dreiar deg seg om å gi oss sjølve ein sjanse til å gå vidare. Det vil bli eit eventyr om vi klarer det, seier Byåsen-trenar Tore Fredlund.
– Men det må jo vere ganske morosamt om de kan slå både første- og andrelaget til AaFK?
– Ja, du har eit poeng. Og Byåsen har god statistikk i Ålesund. Byåsen har ikkje tapt dei 4–5 siste obligatoriske kampane der, svarer Fredlund lurt.
– Og det er vel ingen grunn til at den statistikken skal stoppe no?
– Hehe, vel det er jo ein liten grunn at vi møter eit Eliteserie-lag. Men vi gler oss til kampen, og eg føler vi er i godt slag for tida.
(Saka held fram under bildet)
HYPPIG FEIRING: På tre år har AaFK vore i to cupfinalar. I 2009 blei Molde slått etter straffer, medan Brann blei slått i ordinær tid i fjor. Dersom oransjetrøyene vil til Ullevåll igjen, må Byåsen slåast på Color Line Stadion.
Rekdal gjev ikkje ved dørene
Kjetil Rekdal fortel at han har god oversikt på Byåsen. Han er klar på at Byåsen-siger mot både AaFK 2 og AaFK ikkje kjem på tale.
– Nei, det skal sjølvsagt ikkje skje, flirer Rekdal, som er klar på at laget hans er storfavoritt.
– Eg er overbevist om at det kjem ei cupbombe, og så blir vår jobb å sørgje for at den ikkje kjem på Color Line Stadion.
Aalesund-trenaren seier det enkelt og greitt:
– Vi skal til fjerde runde, definitivt.
Men laget frå Ålesund har har alt å tape.
– Vi har absolutt ingenting å tape. Vi reiser til Ålesund for å vinne, og vi har budd oss på eit kampbilde der vi kan vinne kampen. Kampplanen vil vi følgje, slår Byåsen-trenar Fredlund fast.
AaFK stiller med alt dei har
Det er eit godt hopp frå 2. divisjon til Eliteserien. Av og til kan topplaga undervurdere og ta for lett på kampar i dei tidlege cuprundene. Det gjer ikkje Kjetil Rekdal.
Han har to NM-gull med AaFK, men i 2010 rauk han ut etter 2-1-tap for Løv-Ham i Bergen.
– Vi prøvar og stille så sterkt lag som mogleg. Kvar einaste gong, anten det er 1. runde mot Herd eller 2. runde mot Skarbøvik, seier AaFK-sjefen.
- LES OGSÅ: Videre i cupen
- LES OGSÅ: Cupgull det største i norsk fotball
- LES OGSÅ: Aalesund er cupmester
Kva lagoppstillinga er kan ikkje Byåsen gjere noko med. Trenar Fredlund er derimot litt ergerleg over at han ikkje veit forma til motstandaren.
– Vi er sjølvsagt litt usikre på kvar dei står. Får vi sjå kva det betyr at dei ikkje har spelt kamp på mange veker?, undrar Byåsen-trenaren.
Det får Fredlund vite klokka 18.00. Kjetil Rekdal er derimot klar på at hans lag skal til fjerde runde i NM.
– Ein får ikkje meir enn éin sjanse i cupen. Ryk ein ut så er det over, og det er eitt år til neste gong. Vi skal vidare, avsluttar Rekdal.

KAMPKLAR: Rekdal og AaFK er kampklare igjen etter EM-pausen.
Foto: Hans-Olav Rise/NRKLes
Aalesunds FK
- 4,5 nye millionar for Lindegaard
- Brann sørget for maifest i Bergen
- Snakk om fotball 16. mai
- To eliteseriekampar blir flytta
- Håper inderleg på meir Barrantes
- Målfest da Aalesund knuste LSK
- – To ustabile lag med potensiale
- Vil gi Hamed-Allah meir tid
- Molde tok sesongens første seier
- Full serierunde i fylket
- «Snakk om fotball», runde 8
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
Avviser at mobilstråling er farlig - – Han var en bauta
- Storflom i Edland i Vinje
- Fare for storflom i Sør-Norge
- Riksrevisjonen refser Halvorsen
- Diesellekkasje fra båt i Trondheim
- Mann pågrepet med automatvåpen
- Pågrepet i væpnet aksjon i Skien
- Vurderer nedlegging av flere ruter
- Nekter islamist å være i Oslo i dag
Siste frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
nrk.no/sport
Siste fra Ytring
- Slitsom kvalitetstid
- Bygd, by og Øygard-saka
- Ja til EU
- 17. mai: Åpent brev til jubilanten
- Innovatøren Northug
- Ufrivillig kulturkriger
- Banebrytende lov mot pengeflukt
- Hvor er du, Wergeland?
- Norske soldater løste oppgavene
- Ikke så ensomme ulver
- Min 17. mai
- Handlingsregelen gir falsk trygghet
- Statoils penger i skitne hender?
- Politikerskapte boligpriser
- Bortskjemt og kravstor ungdom
- En tysk skamplett
- Evaluer norsk innsats i Afghanistan
- Målstyringsregimet
- En god skole for alle elever
- Fra en spiseforstyrret dagbok

Bading 17. mai i Volda





4,5 nye millionar for Lindegaard
Drømmedebut for Høgmo
