Hopp til innhold

100 bilar blir avskilta i månaden - berre i Møre og Romsdal åleine

Etter at Statens vegvesen starta med nye elektroniske kontrollar har fleire og fleire bilar blitt avskilta. Både Vegvesenet og NAF meiner dei høge tala er urovekkjande.

Dei nye elektriske systema som Statens Vegvesen tok i bruk i 2010, har gjort det enklare å fange opp dei som ikkje har gjort det dei skal. Dei som har betalt avgift, betalt forsikring og hugsa EU-kontroll blir sendt vidare - dei som ikkje har fulgt opp blir stoppa og avskilta.

Elektrisk kontroll har gjeve fleire avskiltingar. Her er bilde frå då det elektroniske systemet var nytt i 2010.

Har du gløymt å betale forsikring eller bilavgift? Kanskje du droppa EU-kontrollen?

Då er sjansen stor for at du kan bli tatt. Statens vegvesen starta med nye elektroniske kontrollar i oktober 2010. Sidan den gong har nummeret på avskiltingar berre auka.

Vegvesenet har ikkje konkrete tal, men Jan Arild Johansen, avdelingsdirektør på trafikant- og køyretyavdelinga Region Midt-Noreg i Statens vegvesen, fortel at rundt 100 bilar blir avskilta i berre Møre og Romsdal kvar månad.

Dette er ein stor auke i forhold til før det elektroniske utstyret.

– Det har vore ei bevisst satsing på elektronisk utstyr som plukkar ut kjørety med manglar. Anten det er knytt til EU-kontroll, årsavgift eller forsikring. På denne måten plukkar vi effektivt ut dei som ikkje har alt i orden, og dei som har alt i orden kan passere utan bry, fortel Johansen.

(Saka held fram under bildet)

Distriktssjef Jan Arild Johansen

Jan Arild Johansen i Statens vegvesen fortel at dei elektroniske kontrollane fungerer prikkfritt.

Foto: Picasa 2.7
Inger Elisabeth Sagedal

Inger Elisabeth Sagedal både likar og mislikar dei høge tala.

Foto: Erik Norrud/NAF

Høge tal

Berre den siste veka har media i Noreg laga saker med titlar som: «38 bilar avskilta», «43 bilar avskilta i går» og «24 bilar avskilta etter kontroll». Titlane talar for seg sjølv.

– Det er urovekkjande. Det viser at mange bilar køyrer rundt på norske vegar utan å ha det grunnleggjande på plass. EU-kontrollen er for eksempel grunnsikringa i forhold til bilen sin stand og bilen si trafikksikkerheit.

Det seier Inger Elisabeth Sagedal, kommunikasjonssjef i NAF. Ho fortel at heile 60.987 bilar på vegane ikkje har godkjent EU-kontroll.

– Det har vore ein jamn auke. Etter 2009, då Statens vegvesen slutta og varsle om EU-kontroll, såg vi ein særleg auke.

– Men det har også auka sidan oblat ikkje er pålagt lenger, fortel Sagedal.

(Saka held fram under bildet)

Elektronisk kontroll Statens vegvesen

Bilane blir skanna inn og Vegvesenet får automatisk opp om bilen har alt på det reine.

Foto: Arkiv / NRK

– Effektiviserer prosessen

Kamerautstyret som er i bruk skannar automatisk inn bilnumra, og koplar seg opp mot ulike databasar. I løpet av knapt eitt sekund har ein svaret på om ein bilførar har gløymt noko.

– Dette har fungert utruleg bra. Etter at kameraet har plukka opp bilnummeret, vil våre folk seie ifrå til dei som vinkar inn bilane.

– På denne måten effektiviserer vi prosessen, seier Johansen i Vegvesenet.

Johansen fortel at både manglande EU-godkjenning, ubetalt avgift og manglande forsikring blir sett ofte. Ingen av dei stikk seg ut.

– At ein ikkje har på plass den lovpålagde ansvarsforsikringa er veldig gale. Det kan bety to ting: Det kan anten vere rein gambling, eller det vere slurv, meiner Sagedal i NAF.

– Kva trur du det er mest av; folk som tek sjansen eller folk som har gløymt seg?

– Eg håper og trur det skuldast mest slurv. Ein veit at Statens vegvesen ikkje lenger kallar inn til EU-kontroll for eksempel, og då er det ikkje alltid enkelt å halde styr på det. Akkurat derfor er det lurt å melde inn registreringsnummeret til andre aktørar som varslar.

– Mange bør innsjå at dei ikkje har full kontroll over alt, seier Sagedal.

Glad for at mørketala forsvinn

Tala er høge og blir omtalt som skremmande, men Sagedal i NAF er klar på at det er mest positivt at folk blir tekne.

– Det er bra at det blir avdekka, for desse bilane har ingenting på vegane å gjere. Så det er bra at Vegvesenet tek fleire enn tidlegare, og vi håper det kan ha ei pedagogisk effekt i forhold til folk si ansvarshaldning.

– Er det skremmande å tenkje på at såpass mange køyrte utan alt på det reine før desse elektroniske kontrollane?

– Ja, det er skummelt å tenkje på. Det var høge mørketal tidlegare, der langt færre blei avdekt. No er det bra at fleire blir tekne, sjølv om tala er til litt bekymring.

(Saka held fram under bildet)

Statens vegvesen kontroll

Blir du vinka inn av Statens vegvesen bør både forsikring, EU-godkjenning og avgift vere i orden. Elles forsvinn skilta dine.

Foto: Arkiv / NRK

– Ein kan bli gjeldsslave for resten av livet

Ho meiner dei som gamblar med dei tre, forsikringa spesielt, tek ein altfor stor risiko.

– Det er ufornuft og dumskap. Dersom ein ikkje har forsikringa i orden, og blir årsak til ei ulykke, så kan kostnaden bli enorm.

– Der finst vel mange eksempel på folk som har kome i økonomisk uføre som følgje av dette?

– Ja, det finst veldig mange eksempel. Ein veit aldri kva som skjer, og ein kan aldri vere sikker. Å ha ei lovpålagt forsikring løner seg, for dersom uhellet skjer kan ein bli gjeldsslave for resten av livet, slår Sagedal fast.

Sommartrafikken har allereie byrja, og for dei som er usikre har kommunikasjonssjefen i NAF nokre klare råd.

– Vi er opptekne av at ein skal førebu bilferien så godt som råd. Det vere seg å sjekke bilen sin stand, pakke korrekt og planleggje godt. Avgift, forsikring og EU-godkjenning er basisen.

– Er ein i tvil, så bør ein kontakte Statens vegvesen og få sjekka om noko manglar. Vi ønskjer trygge og sikre bilar på norske vegar, og sjåførar som skjønar alvoret, avsluttar Sagedal.

Gode tilbakemeldingar

Johansen i Vegvesenet fortel at dei får gode tilbakemeldingar på elektronikken – i alle fall frå dei som har alt i orden.

– Før var denne prosessen som å leite etter nåla i høystakken, fordi vi måtte vinke inn ganske mange bilar før vi fann bilar med manglar. Dette systemet er meir publikumsvennleg for dei som har reint mel i posen, medan det svir litt meir for dei som ikkje har det, fortel avdelingsdirektøren.

Vegvesenet er hyppig ute og kontrollerer, og i Møre og Romsdal åleine er det minst éin kontroll i veka. Vanlegvis blir om lag 20 bilar avskilta.

– Målet vårt er ikkje å ta mange, men vi ønskjer at alt skal vere i orden. Vår agenda er at vi skal sleppe å ha slike kontrollar til slutt. Det bør vere sjølvsagt for alle bilistar at dei har bilforsikring, dersom ikkje kan det lett bety store konsekvensar for framtida, seier Johansen.

Elektronisk kamera

Fleire slike kamera vil bli sett på og frå norske vegar.

Foto: Arkiv / NRK