Hopp til innhold

Klarte B-kravet til OL i friidrett i joggesko og vind

Karoline Bjerkeli Grøvdal frå Isfjorden i Rauma klarte B-kravet på 5000 meter under eit stemne på Lillestrøm tysdag. Det klarte ho til og med i joggesko.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

Karoline Bjerkeli Grøvdal har sprunge seg sjølv inn i OL-diskusjonen.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Det vanlege fottøyet for friidrettsutøvarar er piggsko, men den 22 år gamle langdistanseløparane frå Isfjorden sprang inn til tida 15.28,32 på 5000 meter i vanlege joggesko.

Tida er nærmare to sekund under B-kravet til OL. Dermed har Karoline Bjerkeli Grøvdal sprunge seg inn i diskusjonen om OL-plass.

– Dette er berre ei gjennomkøyring, sa trenar til Jasper Buitink i SK Vidar til Friidrett.no like før start.

Kan klare A-kravet laurdag

Trass tidvis sterk vind sprang Rauma-jenta inn til ei knallsterk tid.

– Eg har ikkje lada opp på nokon som helst slags måte til dette løpet. At eg klarte B-kravet til OL i joggesko er eg veldig godt fornøgd med, sa ho til NTB.

Ho fortel at ho heile tida har hatt OL i bakhovudet, og på laurdag kan ho klare A-kravet.

Då skal Bjerkeli Grøvdal nemleg delta i ein ny 5000 meter, denne gongen i Bottrop i Tyskland.

– Eg er skadefri, noko som betyr at eg kan springe for fullt. Eg kjem heilt sikkert til å klare A-kravet på 15.15,00 i løpet av sesongen, men om eg klarer det allereie i Tyskland er for tidleg å seie.

Idrettssjef Ronny Nilsen, som skal gjere dei vidare OL-uttaka, kjem til å ha Bjerkeli Grøvdal i tankane.

– Det er gledeleg at ho har greidd B-kravet, men mest gledeleg er det å sjå henne tilbake på banen igjen, sa Nilsen etter stemnet på Lillestrøm.