Folk i Rauma likar ikkje at bjørnen kanskje er i nærleiken
Fellingslaget i Rauma førebur seg på bjørnejakt
Det er ei halv veke sidan første sauekadaver blei funne i Isfjorden, men stadig stig talet på drepne sauer. No førebur fellingslaga i Rauma og Nesset seg, medan folket i Rauma engstar seg for bjørn i området.
Publisert 05.07.2012 00:17.
- Skriv ut
– Ein slagbjørn går ikkje unna om du nærmar deg. Både Vengedalen, Vengetindane, Lisjefjellet og Romsdalshornet er ynda utfartsmål. Og no er det snart Fjellfestival. Kva då?, undrar Aud Inger Torvik.
Ho er éi av fleire i Rauma som ikkje likar at ein bjørn har gått laus i området. Så langt er 10 sauekadaver funne. Sauebonde Ole Morstøl får no sauene ned frå fjellet for å få ei oppteljing.
- LES OGSÅ: Han har skutt 38 bjørnar
- LES OGSÅ: Trur bjørnefellinga blir vanskeleg
Han har vore opp og ned frå fjellet dei siste døgna, og likar ikkje at det blir fleire og fleire morlause lam.
– I og med at det er så mange som no går utan mor, så er det greitt å få dei ned frå fjellet, seier Morstøl til NRK.
Sauene som er drepne i Isfjorden er vaksne sauer.
(Saka held fram under bildet)

Sauebonde Ole Morstøl har slite fælt dei siste døgna. No hentar han ned sauene for å telje over dei.
Foto: Hans Thomas Eikrem/NRK
Lars Olav Lund rår fellingslaga til å vente.
Foto: Hans Thomas Eikrem/NRKSNO rår fellingslaget til å vente
Tysdag innvilga Fylkesmannen fellingsløyve på bjørnen. Fellingslag i Nesset og Rauma er oppretta, med Stein Ivar Bjerkli og Harry Magne Brude som fellingsleiarar.
Statens Naturoppsyn, eller SNO, rår no laga til å vere kalde i hovudet.
– Mitt råd til dei er at dei ikkje bør gjere noko før ein er heilt sikker på at ein har ferske spor og sporteikn. Ein må vite at dyret er i området, seier Lars Olav Lund, rovviltansvarleg i regionen for SNO.

Harry Magne Brude er fellingsleiar for fellingslaget i Rauma. Han førebur seg på to tøffe veker.
Foto: Hans Thomas Eikrem/NRKRisikabelt arbeid
Leiar for fellingslaget i Rauma, Harry Magne Brude, meiner fellinga av bjørnen blir veldig utfordrande.
Risikabelt kan det òg bli.
– Det blir risikabelt dersom vi kjem i ein situasjon der vi berre skadeskyt bjørnen. Då veit vi at bjørnen vil gå til angrep på andre dyr. Han snur og tek andre vegen om det skjer, seier Brude.
- LES OGSÅ: Gir fellingstillatelse på bjørn
Han og fellingslaget planlegg no vegen vidare. Samstundes er stemninga avventande blant resten av folket i kommunen.
– Det er ikkje så langt til dit bjørnen var. Då her var ein moskus, som kom jo den òg heilt ned i Vengedalen. Den gjekk heilt ned i hagane!, seier Aud Inger Torvik.
– Så kvifor kan ikkje bjørnen kome same veg, avsluttar ho.

Aud Inger Torvik likar ikkje at bjørnen har vore – og kanskje er – så nær folk og hus.
Foto: Hans Thomas Eikrem/NRKSiste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
Avviser at mobilstråling er farlig - – Han var en bauta
- Storflom i Edland i Vinje
- Fare for storflom i Sør-Norge
- Riksrevisjonen refser Halvorsen
- Diesellekkasje fra båt i Trondheim
- Mann pågrepet med automatvåpen
- Pågrepet i væpnet aksjon i Skien
- Vurderer nedlegging av flere ruter
- Nekter islamist å være i Oslo i dag
Siste frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
nrk.no/sport
Siste fra Ytring
- Slitsom kvalitetstid
- Bygd, by og Øygard-saka
- 17. mai: Åpent brev til jubilanten
- Innovatøren Northug
- Ufrivillig kulturkriger
- Banebrytende lov mot pengeflukt
- Hvor er du, Wergeland?
- Norske soldater løste oppgavene
- Ikke så ensomme ulver
- Min 17. mai
- Handlingsregelen gir falsk trygghet
- Statoils penger i skitne hender?
- Politikerskapte boligpriser
- Bortskjemt og kravstor ungdom
- En tysk skamplett
- Evaluer norsk innsats i Afghanistan
- Målstyringsregimet
- En god skole for alle elever
- Fra en spiseforstyrret dagbok
- Vi nådde målene våre i Faryab

Bading 17. mai i Volda





No er AaFK 4,5 millonar rikare
Boasson vant Tour of Norway
