Solskjær har null baklengs som førsteprioritet mot Ventspils

Ole Gunnar Solskjær håper på nye minne frå Europa og Champions League. Då må hans Molde slå Ventspils over to kampar for at draumen skal leve vidare.
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove/NTB scanpixMolde-trenar Ole Gunnar Solskjær har mange erfaringar frå spel i Europa. Mot latviske Ventspils, i andre kvalifiseringsrunde til Champions League, er null baklengs hovudfokus.
Publisert 18.07.2012 17:28.
- Skriv ut
– Slepp du inn mål på heimebane, så blir det tungt på bortebane. Det har eg lært frå den tida eg sjølv var spelar, fortel Ole Gunnar Solskjær til Molde-TV.
Molde-trenaren har ei lang karriere bak seg, med mange minne frå spel i Europa saman med Manchester United.
I kveld onsdag leier han Molde som trenar, med mål om nye minne frå Champions League. Første hinder på vegen er latviske Ventspils.
– Det er vanskeleg å seie kor gode dei er. Vi har hatt folk i Latvia to gonger og vi har sett mange videoar av dei, seier Solskjær.
– Men det er eit godt latvisk lag. Dei spelte mot Tromsø i mars, der dei vann 1–0. Så eg reknar med det blir jamt.
Kampen startar 20.45 på Aker Stadion i Molde, midt under Moldejazz.

Ole Gunnar Solskjær meiner ein god defensiv kamp blir viktig mot Ventspils. Null baklengsmål er eit mål i den første av to kvalifiseringskampar.
Foto: Per Tormod Nilsen/NTB scanpixLysten på å kontre borte
Molde er inne i ein tøff periode, med seriekampar, cupkampar og no kvalifisering til Champions League. Solskjær trur spelargruppa taklar køyret.
– Eg håper på mange kampar framover. Går vi gjennom andre runde no, så får vi minst fire kampar til. Spelar ein kamp ofte nok mot lag på høgare nivå, så venner ein seg til nivået.
– Då har ein tatt eit langt, langt steg i forhold til andre norske lag, seier Solskjær.
Men for å få fleire kampar må Ventspils slåast over to kampar. På heimebane er målsetjinga enkel.
– Vi må ikkje sleppe inn mål. Vi har bortekamp i andre kampen, og dersom vi har 1–0 frå heimekampen så må Ventspils score minst eitt.
– Då er vi eit godt kontringslag med enorm fart, og får vi eitt borte så må dei score tre, nikkar Molde-trenaren.
Molde FK
- – Tror Molde slår tilbake i dag
- Snakk om fotball 16. mai
- To eliteseriekampar blir flytta
- Molde-keeper ute med beinbrudd
- Frykter beinbrudd for MFK-keeperen
- Cupfinalehelten har kjempa seg inn
- Molde tok sesongens første seier
- Full serierunde i fylket
- «Snakk om fotball», runde 8
- MFK og AaFK håper på stinn brakke
- Solskjær er fjerdevalg
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
Mye nedbør gir ikke billig strøm - Ødeleggelsene etter tornadoen i Oklahoma
- Opptøyer i Stockholm
- Tidligere idrettsutøver voldsdømt
- To uker fengsel for drapsiktelse
- – Liket kan ha blitt fraktet langt
- Rumener siktet for drap i Skien
- –Arbeidsdagen i dag blir spesiell
- Frps ti krav overfor Høyre
- Har funnet det siste vitnet
Siste frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
nrk.no/sport
Zuccarello og NY Rangers på vei ut - Størmer Steira påkjørt av bil
- Fotball og fordømmelse
- Viking vant lokaloppgjøret
- Sarpsborg berget poeng på overtid
- Vard Haugesund har sparket treneren
- Kowalczyk henter svensk hjelp
- Thorkildsen: – Nå går det greit
- Høgmo klar for hett derby
- – Burde aldri satset på opprykk
Siste fra Ytring
- Fotball og fordømmelse
- Det er ikke mer politi vi trenger
- Den kinesiske drømmen
- Vernar vi Noreg i hel?
- Ja til EU
- Slitsom kvalitetstid
- Bygd, by og Øygard-saka
- 17. mai: Åpent brev til jubilanten
- Innovatøren Northug
- Ufrivillig kulturkriger
- Banebrytende lov mot pengeflukt
- Hvor er du, Wergeland?
- Norske soldater løste oppgavene
- Ikke så ensomme ulver
- Min 17. mai
- Handlingsregelen gir falsk trygghet
- Ny behandling av kreft i Noreg?
- Statoils penger i skitne hender?
- Politikerskapte boligpriser
- Bortskjemt og kravstor ungdom

Bading 17. mai i Volda







Trollstigen er opna for sesongen
