Hennes Majestet Dronningen har i dag opna en ny kyststi på Vannøya i Troms. Kommunikasjonssjef ved Slottet, Marianne Hagen, fortel om kvifor Dronninga er på tur.
– Vi har innleia eit samarbeid med Bruaset med sikte på å lage eit program om Dronninga, seier kommunikasjonssjefen ved Slottet.
Dronninga av norsk natur
Grunnen til at Dronninga er på tur er fordi ho skal portretterast av Oddgeir Bruaset frå «Der ingen skulle tru ...» i NRK.
– Vi skal lage eit program om Dronninga og hennar forhold til norsk natur og friluftsliv. Det heile vil bli eit portrett av «Fjelldronninga», seier Bruaset.
Bruaset gjorde torsdag opptak på Husfjellet på utsida av Senja saman med Dronninga. Ein tur som varar i om lag tre timar utan pausar.
– Vi har hatt ein strålande tur! Det er eit av dei mest imponerande fjellandskapa som eg har sett i Noreg, meiner journalisten.
- Les også: Turdronningen åpnet historisk tursti
- Les også:
Spesielt forhold til Sunnmøre
Dronninga har eit spesielt forhold til sunnmørsfjella. Planen var i utgangspunktet å gjere opptak i desse områda. Men Bruaset fortel at dei vart overraska med dårleg vêr, og derfor vart opptaka utsett.
– Vi har som mål å få med Sunnmøre i programmet, men det er usikkert. Vi vil avklare dette i løpet av hausten, seier Bruaset.
Det er framleis usikkert om fjellturane her i fylket blir gjennomført på grunn av Dronninga sitt stramme program.
– Dronninga legg ikkje skjul på at Sunnmøre er ein landsdel som ho kjenner seg heime i, og eg veit at ho gjer det ho kan for å få desse opptaka i hamn, seier Bruaset.
Det er også planlagt at Bruaset skal vere med Dronninga på trimturar på Østlandet.
Teamet har ikkje sett sendedato for NRK-programmet enda.