19.05.2013

Kristiansund ute av ROBEK-lista

Rådhuset i Kristiansund (Foto: Aina Rødal/NRK)

No kan politikarane i Kristiansund gå på jobb utan ROBEK-kaos i bakhovudet.

Foto: Aina Rødal/NRK

Etter fire år på den lite flatterande ROBEK-lista, er Kristiansund kommune endeleg ute.

Kristiansund kommune blei meldt inn i ROBEK i 2008, fordi bystyret vedtok å dekkje meirforbruket frå regnskapsåret 2007 over fire år.

For dei sjelene som ikkje er rådmenn, så er ROBEK: «Register over kommunar og fylkeskommunar som må ha godkjenning frå Kommunal- og regionaldepartementet for å kunne gjere gyldige vedtak om låneopptak eller langsiktige leigeavtalar».

Den lista av kommunar i Noreg er ikkje Kristiansund lenger ein del av. Det er derimot mange andre kommunar i fylket.

Tidlegare i år blei det klart at Kristiansund var på veg ut av ROBEK-lista, då både budsjett og nedbetalingsplan var i balanse.

No har altså Fylkesmannen i Møre og Romsdal sendt ut den formelle erklæringa som «reingjer» Kristiansund kommune.

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

17. mai i Ålesund (Foto: Ivar Lid Riise/NRK)

Det har aldri før vært så varmt på en.17.mai som i år, hevder vær-statistisker Bernt Lie. På Bigsa i Ålesund viste Metereologisk institutt sin målestasjon 26,8 grader!!

Foto: Ivar Lid Riise/NRK

Rekordvarme på 17. mai


Ane Brun 1 (Foto: Jørgen W. Lyngvær/NRK)

Ane Brun måtte avlyse en turne med poplegenden Peter Gabriel da hun ble rammet av kronisk sykdom. Nå er Molde-artisten tilbake.

Foto: Jørgen W. Lyngvær/NRK

Ane Brun tilbake etter sykdom


Klassequizen

Siste nytt innanriks

Nyheitene i Nett-TV

Nett-TV Møre og Romsdal 174

Siste frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

nrk.no/sport

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet