21.05.2013

Nakken og RaumaRock skiljer lag

Frode Nakken (Foto: Pål Kristian Lindseth/NRK)

Frode Nakken, Mr. RaumaRock, sluttar som festivalsjef frå 1. september.

Foto: Pål Kristian Lindseth/NRK

– Det måtte skje nokre forandringar, seier Frode Nakken. Han har vore festivalsjef for RaumaRock sidan musikkfestivalen starta i 2002.

Festivalsjefen og Bare Egil legg planar for helga. (Foto: Pål Kristian Lindseth/NRK)

Mange store artistar har vore innom RaumaRock og Åndalsnes på 10 år. Her ser ein Frode Nakken saman med vise- og humorrockar Egil Hegerberg i Bare Egil Band.

Foto: Pål Kristian Lindseth/NRK

– Når ein sit i ein bil så er det ein fordel at ein vil same veg, seier Frode Nakken.

Frode Nakken har vore festivalsjef for RaumaRock sidan musikkfestivalen starta i 2002, men går no av.

– Det er sånn som skjer. Det er ingen enkeltpersonar som er større enn sjølve RaumaRock, så for RaumaRock sitt beste, så måtte det skje nokre forandringar, og det gjer det no, seier Nakken.

– Eg forstår det slik at du ville ein anna veg enn dei andre?

– Ja, det kan du godt seie. Det er ei årsak.

– Kva for ein veg ville du?

– Det skal vi ikkje gå inn på no, det held vi for oss sjølve, seier Nakken.

– Seigmenn var høgdepunktet

Nakken har ikkje nokre foreløpige planer kva han skal gjere no. Han seier tida i RaumaRock har gitt han utruleg mange opplevingar. No går han altså av.

– RaumaRock har vore livet mitt i 11 år, og eg har forsaka mykje opp gjennom åra. Familielivet har kome i andre rekke, og ein kan ikkje drive på slik heile livet, seier Nakken.

– Kva har vore den største oppturen?

– Eg må trekke fram Seigmenn, sidan eg har mast og jobba med dei i over fire år før dei kom, men det er mange flinke artistar å ta av, seier Nakken.

Utsatte offentleggjeringa

– Avgangen har vore planlagt i ei tid, men det har vore viktig å halde oppe fokuset på gjennomføringa av årets festival.

– Difor valde vi å utsetje offentleggjeringa av dette før årets festival var vel overstått, seier RaumaRock i ei pressemelding.

Det er festivalsjef Frode Nakken som går av. Etter 11 år i førarsetet skal Nakken ta fatt på andre arbeidsoppgåver. Han har siste arbeidsdag den 1. september.

Gunstig farveltidspunkt

Festivalen i sommar blei dermed Nakken sin siste. Med artistar som Bryan Adams og Seigmen blei RaumaRock 2012 ein braksuksess av dimensjonar.

– RaumaRock flytta grenser i forhold til kvaliteten på arrangementet, størrelsen på artistane og ikkje minst publikumsbesøket, uttaler festivalen sjølv.

Dermed meiner dei avskjeden skjer på eit «gunstig» tidspunkt.

– Frode Nakken forlet festivalen på eit tidspunkt der økonomien er sunn og optimismen stor.

38-åringen for Åndalsnes får vidare enormt med skryt.

– Frode har vore ein stor ressurs, og er på mange måtar opphavsmannen bak RaumaRock. Det arbeidet Frode har drive i mange år har gitt RaumaRock eit solid grunnlag for vidare utvikling i åra som kjem.

Avgjersla til Nakken har blitt teke til etterretninga, og RaumaRock avsluttar med å ønskje han lukke til vidare.

Seigmen på Raumarock 2012 (Foto: Joar Rødhammer for Raumarock)

Norske og kjente Seigmen var eitt av trekkplastera under RaumaRock 2012.

Foto: Joar Rødhammer for Raumarock
Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Klassequizen

Siste nytt innanriks

Nyheitene i Nett-TV

Nett-TV Møre og Romsdal 174

Siste frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

nrk.no/sport

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet