Hopp til innhold

– Dette er vandalisme i verdsarvområdet

Løa er fleire hundre år gamal, og eit monument i verdsarvområdet i Geiranger. Politiet og kulturminnestyresmaktene er på saka.

Geiranger Holebakk

Slik tronar dei to kvinneskikkelsane høgt over fjellhjeimen i Geiranger. Verdsaravområdet har fått eit nytt element. Spørsmålet er kor lenge kunstmåleriet får leve.

Foto: Tor Hole

Grunneigar Tor Hole fekk nærast sjokk då han tok turen til den gamle husmannsplassen Holebakk i Geiranger sist helg. To enorme kvinnehovud dekkjer no sørvestveggen på den fleire hundre år gamle løa.

– Eg heldt på å dette på ræva då eg såg det. Nokon hadde mala to ansikt på den eine husveggen. Det kan godt vere gjort av ein med kunstnarlege evner. Men slik det er gjort, er det rett og slett hærverk, seier Tor Hole til avisa Sunnmørsposten.

– Umogleg å fjerne målinga

NRK har i dag vore i kontakt med Hole. Han er forarga over det som har skjedd, og sjølv om måleria kan bringe fram både latter og interesse, er han oppteken av å streke under alvoret i saka.

– Dette er eit verneverdig bygg. Det ligg midt i verdsarvområdet. Veggkledinga er mange hundre år gamalt ubehandla materiale. Målinga trekkjer inn i treverket, så dette er umogleg å få bort, seier Hole til NRK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Meld til politiet

Saka er no meld til politiet, og Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal kjem til å få saka på sitt bord.

– Fylkeskonservatoren må inn i biletet for å få vurdert korleis vi skal handtere dette, seier Hole til NRK.

– Må vekk på eit eller anna vis

Hole seier at måleria må ha kome opp i løpet av dei siste vekene. Han er ikkje i tvil om at måleriet må vekk.

– Dette kan ikkje stå slik på eit kulturbygg i verdsarvområdet, seier Hole.

– Nei, eg kjenner ikkje denne dama

Opp i alt alvoret skrattar også Hole litt av det som har skjedd. For det er ikkje tvil om at det er ei kvinne med særpreg som er måla på husveggen. Det kan sjå ut som om det er same kvinne som er på begge måleria. Ho har eit skarpt blikk, og er lubben og god i kinna.

– Men dette er ikkje noka kvinne eg kan klare å kjenne igjen. Så eg veit slett ikkje kven dette kan vere, skrattar Tor Hole under samtalen med NRK.