Hopp til innhold

Her kan du sjå korleis opninga var

Folk har venta snart i 100 år på denne vegen, og i dag kom endeleg dagen då Kvivsvegen opna. Sjå video frå den store dagen.

Det var reine 17.mai-stemning då den etterlengta Kvivsvegen vart opna av Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete midt i Kvivstunnelen.

Rundt 3000 møtte fram for å feire opninga av Kvivsvegen i dag. Sjå videoen og få med deg feiringa.

Det var takketalar, musikk og anna underhaldning då Kvivsvegen hadde høgtideleg opning i dag.

Ei opplagt og bunadskledd Liv Signe Navarsete skar av snora med ein ljå frå Hornindal. Ordførarane i Hornindal og Volda heldt snora saman med dei to fylkesordførarane med Navarsete kutta den i to.

I talen sin la ho vekt på kva vegen betyr for den regionale utviklinga i området.

– Vegen er også viktig fordi reisetida mellom Søre Sunnmøre og Austlandet blir 40 minutt kortare, sa ho.

Navarsete kommenterer åpningen av Kvivsvegen

Navarsete kommenterer åpningen av Kvivsvegen

Spektakulært

Det var stor stemning og til tider trampeklapp då Navarsete heldt talen sin. Ho skrytte av arrangementet og sa at slike opningar er noko ho saknar frå tida som samferdslepolitikar.

– Det å få sjå noko som er så handfast som ei vegopning, er veldig kjekt. Eg har vore med på mange vegopningar, men ikkje så spektakulære som dette her, sa ho.

Etter at snora var kutta, blei det spelt Ja, vi elskar. Ei lang kortesje med om lag 100 veteranbilar, bussar og lastebilar køyrde gjennom tunnelen.

Milliardprosjekt

For Oddbjørn Pladsen, som er prosjektleiar for Kvivsvegen, var det ein god dag. Han vert no pensjonist etter å ha fått milliardprosjektet som starta i 2009 ferdig.

– Det var ei fin opning og oppslutninga var stor, seier Pladsen.

No når Kvivsvegen er opna, blir det 30 kilometer kortare å køyre mellom Grodås og Volda. Vegen opnar også for eit nytt aust-vestsamband mellom Søre Sunnmøre og Austlandet via riksveg 15 over Strynefjellet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL