Hopp til innhold

Stjal gull, gull og smykke for store summar

I løpet av natta er det skjedd eit grovt tjuveri frå ein gullsmed på Moa i Ålesund. Tjuvane har kome seg inn i bygget på den sydlege delen av Amfi Moa.

Tyver har brutt seg inn i gullsmedforretning i Ålesund. Politiet har startet etterforskningen.

Tjuvar har teke seg inn på Björklunds gull og ur på Moa Amfi i Ålesund.

Politiet ønskjer no informasjon om eventuelle observasjonar av bilar og personar utanfor Moa i løpet av kvelden i går og natt til i dag.

Politiet vil førebels ikkje seie noko om korleis tjuvane har kome seg inn til gullsmeden. Men både nysgjerrige handlande og NRK's reporter på staden kunne sjå at det var laga hol mellom butikkane.

Hola i veggane er ikkje store, men truleg store nok til at ein slank person kan kome seg gjennom. Ein av teoriane folk på staden var opptekne av, var at tjuvane kan ha bana seg veg til ein av butikkane frå utsida, og så brote seg gjennom veggane i ein eller fleire butikkar, før dei til slutt hamna inne hos gullsmed Bjørklund.

Politiet har no sett på overvakingsvideoane. Dei kan dermed slå fast at tjuveriet har skjedd natt til søndag, mellom klokka 4 og 5.

Mykje er stole

Kjøpesentera skal vere godt budde på tjuveri, og har alarmar og overvakingskamera. Men natt til søndag forsvann både diamantar, gullsmykke og klokker frå Bjørklund gull og ur.

Butikken ligg i andre etasje, og like ved er det både bakeri, frisør, sko- og klesbutikkar.

Ein kan aldri vere godt nok førebudd på noko slikt, seier senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe til NRK.

– Kva veit de om det tjuvane har fått med seg?

– Eg kan seie veldig lite om dette no. Politiet har sikra heile området, og vi har førebels ikkje noko samla opplysningar om kva som er borte, seier Rødal Kleppe.

– Det er skremmande

På Moa kunne forbipasserande ikkje unngå å sjå at det hadde skjedd noko spesielt i løpet av natta. Politisperringane og aktiviteten til politiet var lett synleg i formiddagstimane.

Jorunn Ramstad

Jorunn Ramstad tykte det var skremmande å oppleve tjuveri så nær arbeidsplassen.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

– Det er skremmande. Eg arbeider på ein av dei andre butikkane sjølv. Det var rett og slett ekkelt å kome på jobb og sjå dette, seier Jorunn Ramstad til NRK.

– Kom inn frå utsida

Tjuveriet har skjedd på Bjørklunds gull og ur etter at butikkane stengde laurdag, og vart oppdaga då dei tilsette kom på jobb måndag morgon. Det har ikkje gått nokon alarm. Det kan tyde på at tjuvane ikkje har vore inne i fellesareala på Amfi Moa.

Tjuvane kan ikkje ha vore inne i fellesareala. Dei må ha kome frå utsida og direkte inn i ein eller fleire butikkar, seier senterleiaren.

Førebels er det smått med opplysningar om det som har skjedd. Men politiet slår fast at tjuvane har fått med seg varer for store verdiar.

– Sikra overvakingsvideo

Kjøpesenteret Amfi Moa har eit omfattande system av alarmar og overvakingskamera. Rødal Kleppe reknar med at nokre av kameraene har fanga opp tjuvane.

Vi har no sikra oss opptaka frå alle kameraene, og politiet har sikra heile området. Teknisk personell frå politiet er i området, og det er eigentleg det vi kan seie om saka no, seier Anne Mari Rødal Kleppe til NRK.

Måndag formiddag var også nabobutikkane stengde som følgje av tjuveriet og etterforskinga.

– Stenginga gjeld berre eit fåtal butikkar. Og sperringane blir nok heva ganske fort. Handelen på Moa går sin gang, seier Rødal Kleppe.