21.11.2009

Mange fyr til salgs

Haugsholmen fyr (Foto: NRK)

Sande kommune kjøper Haugsholmen fyr

Foto: NRK

Mange drøymer om å få sitt eige fyr, men det er få som får kjøpe. Kystverket skal selje fleire fyr langs kysten for for 12 millionar kroner.

I Møre og Romsdal er tre fyr lagt ut for salg og interessa er stor.

Seniorrådgiver Knut Baar Kristoffersen i Kystverket sier det er mange som tar kontakt truleg fordi det har vore mykje omtale av saka i media . Men dei blir veldig fort klar over at det ikkje er så lett for private å kjøpe seg eit fyr.

 

Offentlege har førsterett

 

Ulla fyr i Haram (Foto: NRK)

Ulla fyr i Haram høyrer no til ein ideell organisasjon

Foto: NRK

Tidlegare er 20 fyr lagt ut for sal. No blir truleg endå 10 fyr forsøkt selt, men det er ein lang veg fram før private eventuelt får kjøpe. Knut Baar Kristoffersen seier at det først skal undersøkjast om andre statlege etatar kan ha behov for fyret, og så er det fylkekommunen og kommunane som får prioritet. I neste omgang kjem ideelle lag og organisasjonar som kan nytte fyra til allmennyttige formål, og så til slutt kan private få sjans. Og sjølv om private kjøper fyret skal omsynet til allmennheita vege tungt.

Kommunen kjøper

I Møre og Romsdal er det no tre fyr som som skal seljast. Sande kommune har slått til på Haugsholmen fyr. Smøla kommune fekk tilbod om å kjøpe Skalmen fyr, men takka nei og no er også Stavenes fyr utafor Kristiansund lagt ut for sal.

 

(NRK)

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Mobbing er eit viktig tema (Foto: Birthe Bringsvor/NRK)

- Mobbing er ikkje eit problem i skulegarden ved Sykkylven ungdomsskule, meiner 8.klassingane Kristoffer Bonesmo, Anne Marte Eliassen, Ida Melseth og Siri Kristin Eide.

Foto: Birthe Bringsvor/NRK

- Mobbing er ut

Elevane ved Sykkylven ungdomsskule er einige om at det er viktig å snakke om mobbing.


Fest og feiring med bløtkake da høgskolen i Molde fikk status som vitenskapelig høgskole.  (Foto: Gunnar Sandvik/NRK)

Fest og feiring med bløtkake då Høgskolen i Molde fekk status som vitskapeleg høgskule. Førsteamanuensis Martin Risnes og prorektor Harald Hjelle.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Vert vitskapeleg høgskule

Frå 1. januar 2010 heiter Høgskolen i Molde 'Høgskolen i Molde, vitenskapelig høgskole i logistikk'.


Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK