21.05.2012

Død oppdrettsfisk i Surna

Undersøkingar har til no ikkje påvist sjukdom hos oppdrettslaks som blei funnen død i Surna i august.

 - Den første prøva viste ingen sjukdomsteikn hos fisken, seier Ingebrigt Bolme, distriktssjef for Mattilsynet på indre Nordmøre.

Laksefiskarar fann i august fleire oppdrettslaks med buken i vêret på eit lite område i Surna. Det har vore frykt for fiskane var sjuke, og at smitten kunne gå hardt ut over villaksstammen i ei av de største lakseelvane i Møre og Romsdal. Det har lett for å bryte ut sjukdom når vassføringa er lita og temperaturen er høg, slik som det har vore i sommar.

Mattilsynet ventar no på svar på den andre prøva som er send inn, seier Bolme.

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Bildegalleri frå Møre og Romsdal

Verradar Vestlandet

Radar Vestlandet