Hopp til innhold

Hågjel og symjekrabbe

Ein liten hai med eggkapslar og krabbar som heller vil symje enn krabbe - det er tema vi har fått spørsmål om i Naturtelefonen

Hågjel med egg
Foto: Ansgar Lothe

 Jorunn Lothe frå Elnesvågen var med i Naturtelefonen 13.10. og fortalde om den uvanlege fangsten Ansgar, mannen hennar, hadde fått i garnet: ein liten hai.

Hågjel

Ingen av dei hadde sett denne fisken før, så ho laut av garde og kjøpe ei fiskebok for å finne ut kva det var. Akvarist Jan Einarsen fortalde i programmet at hågjelen er ein liten djupvasshai av gråhaifamilien.

 

Hågjelegg
Foto: Ansgar Lothe

 

Då Jorunn og Ansgar tok i haien, kom det noko ut av magen: 4-5 cm lange eggkapslar. Det kjendest som å ta på plast. Einarsen fortel at desse egga har nesten eit års klekkjetid, derfor er kapslane så tjukke og sterke for å verne egget og yngelen inni. Haien legg eitt og eitt egg som flyt omkring i sjøen, om dei ikkje hektar seg fast i steinar eller tang.

Symjekrabbe

Ein annan deltakar i Naturtelefonen 13.10. var Jan Hildre frå Straumgjerde. Han gjorde ein uvanleg fangst då han fiska småtorsk i Kilsfjorden i Volda. Etter kvart som han fekk fisk, heiv han dei opp i ei bøtte. Då han skulle gjere dei opp, fann han fleire symjekrabbar i bøtta; daude, men heile og fine. Ein eller fleire av småtorskane måtte ha gulpa dei opp. Hildre har drive med dykking sidan 60-talet, men har aldri før sett symjekrabbe her i landet, derimot i tropane og Middelhavet.

Symjekrabbe
Foto: Jan Hildre

Men symjekrabben finst over heile kloden, også her i landet, seier Jan Einarsen. Denne krabben lever eit så anonymt liv på sandbotnen at det er ikkje ofte han blir lagt merke til. Han er om lag så stor som ein vanleg strandkrabbe, men er spinklare og har ei litt anna form. Det attarste beinparet er forma nesten som små padleårer, og det er dei krabben tek seg fram med. I staden for å gå, sym han sidelengs, slik andre krabbar går.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL