Hopp til innhold

- Dei vaksne hjelp ikkje borna

Vaksne reagerer ofte altfor seint på borna sine åtferdsproblem, meiner psykolog.

Barn alene
Foto: Scanpix / SCANPIX

Sjefspsykolog Kirsti Jørgenssen ved Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Bodø meiner vaksne kan ta meir ansvar. 

- Betre med ein gong for mykje

- Det er jo betre å søkje hjelp ein gong for mykje, enn å vente for lenge for å sjå om det går over. Og vi i spesialisthelsetenesta ser at det ikkje er reint sjeldant at ungar har gått altfor lenge med problem.

Månadslange ventelister

NRK har gjort det kjent at mange born og unge ikkje får hjelp gjennom PP-tenesta på grunn av lange ventelister Det er PP-tenesta i komunenane som mellom anna viser ein unge til eventuell vidare behandling i psykiatrien. Nokre kommunar slit med fleire månadars lange ventelister.

Sjefsspsykolog Kirsti Jørgensen seier at eit tilleggsproblem er at det tek for lang tid til ungene i heile teke blir vist til PPT.

- Det er ikkje sjeldant at vi får tilvist ungdommar i ungdomsskulealder som har hatt problem i mange år. Dette utan at det har blitt teke tak i tidlegare, av ulike årsakar.

- Snakkar vi om allereie i barneskulen?

- Ja, og kanskje endå tidlegare.

- Uhyre viktig å vere tidleg ute

- Kor viktig er det å kome tidleg inn?

- Det er uhyre viktig å kome inn så tidleg som mogleg, når ein ser at det er problem, for at det ikkje skal få utvikle seg og verte tilleggsproblem, slår Jørgensen fast.

Skal bli betre i Bodø

Og i Bodø kommune har dei no lagt om hjelpeapparatet rundt born og foreldre for å avdekkje problem tidlegare som mellom anna går ut på at foreldre skal forholde seg til færre fagfolk.