Hopp til innhold

Olsen på landslaget

Landslagssjef Åge Hareide har tatt ut Bodø/Glimt-spiller Trond Olsen til landskampen mot Ukraina.

Trond Olsen

Trond Olsen har hatt en meget bra sesong for Glimt. Nå får han betalt av landslagssjef Åge Hareide.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Lynvingen har til tider briljert i eliteserien denne sesongen, og har medverka sterkt til at Bodø/Glimt tok ein overasskande 4. plass i serien.

Olsen har scora ti mål for Bodø/Glimt i serien, og vore servitør ved 13 andre Glimt-mål.

Les: Topplagene etterlyser Hareide

I dag kom altså gladmeldinga.

- Eg fekk ei tekstmelding frå broderen i dag tidleg. Eg må seie det blei ein fin dag å stå opp til, seier Trond Olsen til Glimt.no.

Olsen har prestert godt over tid, men spesielt mot slutten av sesongen leverte han varene for Glimt. I dei to siste kampane mot Strømsgodset og Rosenborg satte han inn heile fem mål, inkludert hat-trick mot RBK på Lerkendal i siste kamp.

- Fantastisk artig, seier Glimt-trenar Kåre Ingebrigtsen om at Olsen no får sjansen på landslaget.

- Dette må vere til stor inspirasjon for Trond, seier han.

Les også: Aktuell for Rosenborg?

Fart og mål

Landslagssjef Åge Hareide rosa Trond Olsen då han presenterte landslaget for media i dag.

- Han scorar jo mange mål og er ein spelartype vi kan trenge, men han kjempar om plassen med fleire andre, sa Hareide på presskonferransen.

Landslagssjef Åge Hareide lar Martin Andresen kvile fordi Vålerenga-managaren har hatt lyskeproblemer i haust. Også Fredrik Winsnes er ute av landslagstroppen til kampen mot Ukraina.

Hareide har tatt ut denne troppen til landskampen 19. november:

Målvakter: Espen Johnsen (Strømsgodset), Jon Knudsen (Stabæk).
Utespillere: Mohammed Abdellaoue (Vålerenga), John Carew (Aston Villa), Tarik Elyounoussi (Heerenveen), Christian Grindheim (Heerenveen), Brede Hangeland (Fulham), Henning Hauger (Stabæk), Thorstein Helstad (Le Mans), Daniel Fredheim Holm (Vålerenga), Tom Høgli (Tromsø), Jon Inge Høiland (Stabæk), Trond Olsen (Bodø/Glimt), Morten Gamst Pedersen (Blackburn), Tore Reginiussen (Tromsø), Bjørn Helge Riise (Lillestrøm), John Arne Riise (Roma), Per Ciljan Skjelbred (Rosenborg), Fredrik Strømstad (Le Mans), Kjetil Wæhler (Vålerenga).

Kampen blir spelt i Dnjepropetrovsk, Ukraina.