Arbeiderpartiet og ordfører Magne Rommetveit står sterkt på Stord. Men Frp var store etter forrige valg. Klarer de å øke også denne gangen?
Arbeiderpartiet på Stord fekk ved siste kommuneval inn meir enn dobbelt så mange representantar (14) som det nest største partiet, Frp (6). For i industrikommnen Stord har Ap – med den høgt profilerte ordføraren Magne Rommetveit i spissen - lenge vore det dominerande partiet.
Det nest største partiet på Stord ved forrige val var Frp, men partiet har i løpet av perioden mista ein kandidat – Fredrik Litleskare som etter å ha vore uavhengig resten av inneverande periode - no stiller for Demokratane.
Den sitjande ordføraren er inne i sin tredje periode, og stiller altså opp på ny. Til å utfordra hans posisjon finn ein mellom anna Demokratane. Det vert spanande å sjå om Litleskare – som ved forrige valg sikra Frp eit godt resultat – får dei same veljarane med seg.
Bortsett frå desse er det få profilar i dei lokale partia på Stord.
Forutan Demokratane stiller også Kystpartiet liste for første gong. Raud valallianse stiller i år også - som dei gjorde for fire år sidan. Men RV fekk den gong ikkje nok røyster til ein plass i kommunestyret.
Aktuelle kandidatar:
Magne Rommetveit (Ap), Fredrik Litleskare (Demokratane), Thor Gunnar Bjelland (Frp), Lars Åge Myhre (H), Magnhild Furdal (KrF), Bjørn Arvid Helgesen (Kystpartiet), Eldar Skjønborg Tranøy (RV), Margrethe Litlabø Vatna (Sp), Nils Magne Blålid (SV), Kåre Løkhammer (V).
Aktuelle saker:
Sysselsetjing og kommuneøkonomi er og blir sentrale tema i åra som kjem. Stord har mista mange arbeidsplassar den siste tida, og er den kommunen i Sunnhordland med høgast arbeidsløyse. Stord har også store vanskar med å få orden på kommuneøkonomien, og slit for tida med store tap på aksjemarknaden. Stord er ein ”ung” kommune, men i åra som kjem må kommunen bu seg på å møta eldrebølgja. Samstundes ventar fleire skular på utbetringar eller utbygging. For Stord vil det i åra som kjem også vera viktig å halda på sin posisjon som regionssenter i Sunnhordland. Samarbeid med nabokommunar og ei framtidig kommuensamanslåing - i første omgang med Fitjar kommune - kan også bli aktuelle tema.
Etter at ferjeleiet i Leirvik sentrum vart lagt ned i mai, er plassering av nytt ferjeleie truleg ei av dei sakene som vil skapa mest engasjement på Stord denne hausten.
Valstatistikk 1983 -1999: