skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Val 2005 M&R 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Val 2005 Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:01
 

Positive til gasskraftplanane

Planane om bygging av gasskraftverk i Fræna blir stort sett godt mottatt av politikarane i fylket.

Publisert 16.08.2005 12:22. Oppdatert 16.08.2005 13:35.
SE OGSÅ:
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Av Trond Vestre og Ivar Eidheim.


Tafjord Kraft, Istad og Hustadmarmor står bak desse planane som mellom anna inneber at ein stor del av CO2-gassen og spillvarme frå gasskraftverket kan brukast i produksjonen hos Hustadmarmor.


– Positivt

Petter Løvik (Foto: NRK)
Dette er eit spennande prosjekt og svært positivt, meiner Petter Løvik frå Høgre.
– Kraftsituasjonen er såpass prekær i Møre og Romsdal at noko må vi gjere, og dette er eit vel muleg tiltak, seier han.

Heitt valkamptema

Ja eller nei til gasskraftverk er eitt av dei store stridsemna under valkampen her i fylket. Skal vi setje i gang no, med den teknologien som er tilgjengeleg i dag, eller skal vi vente til vil har teknologi som kan rense CO2-gassen. Dette er eit spørsmål som skaper usemje i begge regjeringsalternativa.

– Steg i rett retning

Modulf Aukan
Modulf Aukan frå KrF ønskjer ei brei satsing der ein tenkjer nytt for å møte det store kraftunderskotet i Møre og Romsdal. Pelletsverk er eitt døme på dette, meiner han. Men også det planlagte gasskraftverket i Fræna er eit steg i rett retning fordi dei vil få opp verkningsgraden ved å ta i bruk både spillvarme og ta i bruk CO2 som råstoff i produksjonen, meiner Aukan.

Bjørn Jacobsen

– CO2-rensing må til

Gasskraftmostandaren Bjørn Jacobsen frå SV, meiner det planlagde prosjektet i Fræna er interessant, men seier det framleis er langt fram til eit CO2-fritt gasskraftverk. Går alt etter planen skal gasskraftverket stå ferdig i 2010, men Jacobsen trur prosjektet har ein lang veg å gå.

– Ingen regjeringsalternativ er i stand til å hoste opp eit fleirtal for noko som helst, seier Jacobsen.
Han trur ikkje det blir nokon fortgang før det er funne ei ordning på rensing av CO2.

Siste saker:
Flere saker: ALT OM GASSKRAFT MR
Siste saker:
Flere saker: ALT OM ROMSDAL
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Her er den nye Mørebenken

Den nye Mørebenken (Montasje, NRK)
Desse ni er valt inn i Stortingsvalet 2005, og skal representere Møre og Romsdal dei neste fire åra.

– Lettare for Sp med svakare SV

Fylkesleiar i Senterpartiet, Kåre Hanken, meiner det blir lettare for partiet å gå inn i den nye regjeringa etter at SV gjekk kraftig tilbake.

– Bondevik gjorde moldenserne litt stoltere

Med statsminister Kjell Magne Bondeviks exit forsvinner Moldes store sønn ut av den politiske arena. Byen blir en viktig ambassadør fattigere.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Listetoppane på radio

Måndag og torsdag i vekene før valet var toppkandidatar frå vallistene gjestar i NRK Møre og Romsdal sine ettermiddagssendingar.

Nettmøte med listetoppane

NRK Møre og Romsdal har arrangert nettmøte med sju av topp-kandidatane på listene til Stortingsvalet her i fylket.Her finn du kva dei har svart på spørsmål frå veljarane.

Stortingsvalet 2005: dette bør du vite

Det blir færre frå Møre og Romsdal på Stortinget enn før. Les om følgjene av den nye valordninga:

Stortingsvalet 2001 og Mørebenken 2001-2005

I 2001 jubla Høgre, FrP og SV over framgang, men KrF var blitt det største partiet i Møre og Romsdal.

NRK.no/nyheter gir deg oversikten over hva partiene mener om de viktigste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no