Fylkesbaatane vann

Fjord1 Fylkesbaatane vann tilbodskampen om Mannheller-Fodnes og Hella-Dragsvik-Vangsnes og får drive ferjesambanda fram til utgangen av 2015.
Publisert 21.09.2006 13:02.
- Skriv ut
Det har Statens Vegvesen avgjort. Kontrakten gjeld frå 1. januar 2008 til 31. desember 2015.
To lågaste anboda vart vraka
Ved opning av tilboda vart det i alt levert inn fire tilbod med prisar frå rundt 14 millionar til 185 millionar kroner. Fjord1 Fylkesbaatane hadde ikkje det lågaste tilbodet, men deira tilbod vart likevel valt ettersom Statens vegvesen har avvist to lågare tilbod. Dei eine av dei to lågaste tilboda vart avvist fordi det eine ikkje stetta minimumskravet til bilkapasitet på den eine ferja. Det andre tilbodet vart avvist då reserveferja ikkje oppfylte dei minimumskrava som var sett i konkurransegrunnlaget.
Utanlandsk eigd selskap
Det var Finnmark Fylkesrederi, som er eigd av det franske storkonsernet Veolia, so m hadde det lågaste tilbodet på dei to ferjesambanda.
Ny ferje på Mannheller-Fodnes
I sitt tilbod har Fjord1 Fylkesbaatane lagt inn ei ny ferje mellom Mannheller og Fodnes med kapasitet på 92 personbileiningar. I tillegg skal ei av dei eksisterande ferjene gå i sambandet.
Strekninga Hella-Dragsvik-Vangsnes skal trafikkerast med ei av ferjene frå Mannheller-Fodnes som blir ledig når Fjord1 Fylkesbaatane får på plass den nye ferja. I tillegg vil selskapet sette inn ferjene ”Selje” og ”Sunnfjord”.
Vil ikkje gle seg for tidleg
Administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, Stig Kristoffersen er svært nøgd med Statens Vegvesen si avgjerd. Men han vil ikkje gle seg for tidleg.
- Kontrakta er ikkje på plass før den er signert. Men det er eit svært godt signal når Statens Vegvesen går ut på denne måten. Vi kjenner oss komfortable med situasjonen slik den er i dag.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
| Skisenter | Ver | Siste snøfall |
|---|---|---|
| Levert av Skiinfo.no | ||
| Breimsbygda |
|
11/02 (15 cm) |
| Sogndal Hodlekve |
|
17/03 (15 cm) |
| Jølster |
|
18/03 (10 cm) |
| Harpefossen |
|
17/03 (15 cm) |
| Sogn Skisenter |
|
16/03 (20 cm) |
| Stryn |
|
17/03 (40 cm) |
| Sunnfjord |
|
16/03 (20 cm) |










Hotell får 2,6 millionar kroner
- Det er ein stor dag