Hopp til innhold

Kvinne (29) frå Hordaland omkom

Det var 29 år gamle Kristine Steiro Paulsen frå Øygarden i Hordaland som omkom i trafikkulukka i Lærdalstunnelen på E16 seint søndag kveld.

Trafikkulukke i Lærdalstunnelen

OMKOM: Ei 29 år gamal kvinne frå Hordaland omkom i ulukka i Lærdalstunnelen seint søndag kveld.

Foto: Arne Veum / Aurlendingen.no

Politiet fekk melding om kollisjonen mellom ein personbil og eit vogntog ved 23-tida søndag kveld. Kvinna som køyrde personbilen vart sitjande fastklemt og måtte skjærast laust frå vraket. Klokka 23.45 vart ho stadfesta omkomen.

Vogntogføraren, ein 30 år gamal mann, ligg på Haukeland universitetssjukehus med kritiske skader.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka. Dei har saman med ulukkesgruppa til Statens vegvesen vore på staden for å gjere undersøkingar i dag.

Personbilen skal ha vore på veg i retning Lærdal, medan vogntoget kom i retning Aurland då dei to bilane støytte saman kring ti kilometer inne i tunnelen frå Aurlandssida. Dei to bilane skal ha kollidert og vogntoget skal deretter ha køyrd inn i fjellveggen, har NRK fått opplyst med politiet.

Det har blitt store skader i sjølve tunnelen, og ein geolog har måndag kontrollert det rundt 20 kvadratmeter store holet i betongen.

Klokka 15.18 melder Statens vegvesen at E16 gjennom Lærdalstunnelen er opna att.

– Vi har så langt sikra betongkvelvet og vi skal gjere dei siste utbetringane av dette på nyåret. Fjellet er fast så det skal ikkje vere noko fare med å køyre inne i tunnelen no.

– Vi kjem likevel til å skilte ned farten då det ligg litt oljesøl i vegbanen. Dette reknar vi med vil forsvinne etter eit par dagar, og då set vi opp att fartsgrensa, seier avdelingsleiar Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.