21.05.2012

Jakob Sande og folket

Folk strøymer til for å høyre dikta til Jakob Sande. Hundre år etter han vart født er han frramleis like populær.

Jakob Sande (Foto: Jakob Sande-selskapet)

Foto: Jakob Sande-selskapet

 Jakob Sande vart fødd i Dale i 1906, og skildra heilt frå debuten i 1929 kvardagen til folk flest. Fjalerbuen pendla mellom det groteske i diktet "Likfunn" til det vakre og lyriske i julesongen "Det lyser i stille grender".

I serien kan du mellom anna få vite meir om oppveksten til Jakob Sande, kjærleikslivet og politisk ståstad. Han er diktaren som gav vestlendingen sin eigen identitet. 

Serien kan du og høyre i i føremiddagsendinga kvar torsdag med reprise på ettermiddagen.

Oppveksten i Dale

For første gong fortel den yngste søstera til Jakob Sande, Aslaug Maria Audunsson, om oppveksten deira. Ho var augesteinen til den unge diktaren, og han skreiv blant anna diktet " Gud Signe deg Aslaug Maria" til henne.

Den no 93 år gamle kvinna skildrar broren som taus og inneslutta, ein original som hadde få vener. Men ho fortel og om ein raus storebror som gav henne små dikt til kvar fødselsdag.

I første programmet får du høyre historia frå den einaste nolevande som opplevde barndomsheimen til Jakob Sande frå innsida.

 Del 1 - oppveksten til Jakob Sande

Kopla til nazistane

På 1930-talet blei dikta til sosialisten Jakob Sande kopla til - og misbrukte av - norske nazistar. Dei overraskande opplysningane kjem fram i den nye biografien om diktaren, som er skriven av lektor Ove Eide på Sandane.  Her kan du høyre del 2 av serien om Sande.

Del 2 - Jakob Sande og politikk.

Møtt med skepsis

I tredje delen skal det handle om det folkelege ved Jakob Sande. Medan ung som gamal alltid har hatt Sande kjær, er diktaren blitt møtt med skepsis på universiteta og i visse forfattarkrinsar. Dette paradokset er tema for denne delen av radioserien om Sande.

Del 3 - Jakob Sande og forfattarar

Kjærleiken

Jakob Sande skreiv mange dikt om ulukkeleg kjærleik, om det å ikkje få den ein elskar. Sjølv opplevde han den store kjærleiken tidleg på 1930-talet. Forfattar Ove Eide har fått tilgang til 16 brev som Sande sende til kvinna han elska.

Det høyrer med til historia at Jakob Sande gifta seg med ein lektorkollega i 1942, og dei fekk dottra Siri året etter. Etter nokre få år skilde dei lag, men vart aldri formelt skilde.  Del 4 - Jakob Sande og kjærleiken

Musikken

Jakob Sande er ein av dei norske lyrikarane som har fått flest melodiar sett til dikta sine. I denne delen av Jakob Sande-serien får høyre dei aller første tonane som vart laga til tekstane hans. Du får også vere med når heilt ny musikk vert laga til dikta. Del 5 - Jakob Sande og musikken

Folket

Folk strøymer til for å høyre dikta til Jakob Sande. Hundre år etter han vart født er han framleis like populær. Vi var med då Vik ungdomslag hylla Sande i Flekke i Dale tidligere i haust. Og tidligere fylkeskulturdirektør Lidvin Osland er ikke i tvil om at diktaren Sande har mykje å seie for folk i fylket. Del 6 - Jakob Sande og folket