Hopp til innhold

Jakob Sande blei kopla til nazismen

På 1930-talet blei Jakob Sande kopla til og misbrukt av norske nazistar. Dei overraskande opplysningane kjem fram i ein ny biografi om diktaren frå Dale.

Jakob Sande
Foto: NTB/Scanpix

- Eg vart gjort merksam på at eit av dikta var trykt i det nasjonal-sosialistiske bladet tidsskriftet "Ragnarok" på 30-talet, seier ein overraska Ove Eide.

Eit kulturelt forfall

Eide skriv den nye biografien om diktaren Jakob Sande. Det er diktet "Før slaget" som to gonger på 1930- og 40-talet blei prenta i det norske nazitidsskriftet "Ragnarok". Redaktør Hans Jakobsen brukte diktet utan at Sande visste om det.

- I dette diktet vert det fortalt om to bønder, ein frå sør og ein frå nord. Desse møtast natta før slaget på Stiklestad. Begge desse karane har blitt krenka av Olav den heilage, og no er dei på Stiklestad for å ta livet av han.  For Jakobsen var arbeidet til Olav den heilage eit kulturelt forfall som hadde øydelagd det ekte norske, seier han.

På venstresida

At forfattaren bak "Kallen og katten" og "Det lyser i stille grender" blei kopla til nazisimen kom svært uventa på Ove Eide. For Sande høyrde heime på venstresida i norsk politikk, fortel biografen.

- Det viser eit misbruk av forfattaren. Mellom journalistar og politikarar blei Jakob Sande sett på som ein radikal og opprørsk mann. Her er det ein nasjonalsosialistisk redaktør som har teke seg til rette og brukt namnet og diktet til ein av dei mest populære forfattarane på 30-talet, seier Eide.