Hopp til innhold

Gunnar (95) måtte ete åleine - no har kommunen gjort heilomvending

Då Årdal kommune nekta Gunnar Seim (95) å ete saman med dei andre vart han så deprimert at han miste nattesøvnen. Etter at saka vart kjent gjennom media har kommunetoppane blitt nedringde - no har dei gjort heilomvending i saka.

Gunnar Seim (95)

FÅR LIKEVEL MAT: Gunnar Seim (95) er svært letta etter at kommunen har valt å snu.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

Årdal kommune vil nemleg likevel la 95-åringen få ete saman med dei andre på omsorgssenteret i bygda.

Leiar i Årdal Ap, Hilmar Høl, seier til NRK.no laurdag ettermiddag at saka er svært beklageleg. Høl er eigentleg på ferie, men telefonen har ikkje stått stille dei siste timane.

Allereie tysdag denne veka fortalde Sogn Avis om korleis 95 år gamle Gunnar Seim blir nekta å ete saman med dei andre på omsorgssenteret. Fredag kveld fortalde TV2 om saka og nettartikkelen om årdølingen sin skjebne vart delt over 12.000 gonger på Facebook.

Reaksjonane har ikkje late vente på seg, og Arbeidarparti-leiaren i Årdal vedgår at dette er ei lei sak for den Ap-styrte kommunen.

– Dette har blitt ei veldig ekkel sak for Årdal, seier Høl til NRK.no laurdag ettermiddag.

Sidan fredag kveld har han og Ap-ordførar Arild Ingar Lægreid jobba iherdig for å få til ei løysing. No lovar Ap-leiaren at ting skal ordne seg.

– Ordføraren har gripe inn, og no skal Gunnar og dei andre dette gjeld få tilbod om å ete maten sin på omsorgssenteret, seier Høl.

Vart så deprimert at han miste nattesøvnen

Gunnar Seim (95)

DEPRIMERT: 95-åringen kan sjølv lage seg mat på kjøkkenet, men aller helst vil han ete saman med andre.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

95 år gamle Gunnar Seim er for frisk til å bu på bu- og omsorgssenteret i Årdal, i staden bur han i ein trygdebustad like ved.

Det som gler han aller mest er den tida han får saman med dei andre eldre, det har fram til no skjedd når han får ete middag saman med dei andre på omsorgssenteret. Seim har sjølv betalt for middagen sin.

– Då slepp eg å sitje åleine heime og ete, det er einsemda som er verst, fortalde han til Sogn Avis tidlegare denne veka.

Men brått vart det slutt på denne viktige stunda for årdølingen. For vel to veker sidan fekk han beskjed om at han ikkje fekk ete saman med dei andre meir. For Gunnar Seim vart den beskjeden vanskeleg å takle.

– Dei siste 14 dagane har eg sove på medisinar fordi eg vart så deprimert, seier han til TV2.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hilmar Høl

LEI SAK: Leiar i Årdal Arbeidarparti, Hilmar Høl, meiner saka om 95-åringen som vart nekta ete med dei andre har skada Årdal sitt omdøme. No lovar han at Gunnar Seim likevel skal få ete med dei andre.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

– Veldig krenkande

Kommunalsjefen i Årdal, Rigmor Svanberg, har overfor TV2 forklart at Seim aldri skulle ha fått ete middag med dei andre på omsorgssenteret slik han har fått gjere dei siste månadene. Dette er nemleg ei teneste kommunen ikkje tilbyr.

At 95-åringen brått vart avvist i døra meiner kommunalsjefen samtidig er beklageleg.

– Eg tenkjer at han har vore utsett for noko veldig krenkande og respektlaust, seier Svanberg til TV2.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hilmar Høl på Facebook

BEKLAGA: Laurdag ettermiddag la Ap-leiaren i Årdal ut denne meldinga på Facebook.

Foto: skjermdump

«Grusomt» og «Ei stor skam»

I kommentarfeltet under TV2 si sak om Gunnar Seim rasar folk mot kommuneleiinga.

"Blir så lei meg av å se dette! Hvorfor kan han ikke få spise sammen med de andre, når han til og med betaler for det?! Grusomt!!!", er dei ei kvinne som skriv.

"Dette er rett og slett en STOR SKAM å behandle eldre mennesker så krenkende og respektløs", legg ei anna til.

– Ikkje slik vi vil ha det

Ap-leiar Hilmar Høl la laurdag ettermiddag ut ei melding på Facebook der han beklaga det som hadde skjedd i saka.

"Hallo alle sammen. Er visst ein etterlyst mann i dag. Telefonen ringe frå nær og fjern. Det eg kan sei er at eg reknar med at ting ordnar seg om ein times tid.....men uansett har skaden skjedd og blir vanskeleg å reparere for omdømme til Årdal. Einaste eg kan gjere er å beklaga dette og håpa at alle får ein fin jul, og da meiner eg ALLE !!!"

Til NRK.no seier Høl at han forstår dei kvasse reaksjonane.

– Det er ikkje slik vi vil at våre eldre skal ha det. Vil vil jo alle det beste, seier Høl til NRK.no.

Visste ikkje at det var slik

Høl seier politikarane ikkje har hatt god nok kjennskap til korleis mattilbodet har vore organisert, og at problemstillinga til Gunnar Seim og andre i hans situasjon kom svært brått på.

– Denne saka kom veldig bardust på oss, vi visste ikkje at dette var eit problem, seier Høl til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gunnar Seim (95) bur i ein trygdebustad like i nærleiken av omsorgssenteret

NÆRT: Det er ikkje mange hundre meterane frå trygdebustaden til Gunnar Seim til omsorgssenteret. No skal han likevel få gå bort dit for å ete saman med dei andre.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

Uheldig for omdøme

Han legg ikkje skjul på at saka er uheldig for kommunen sitt omdøme, men håpar at dei skal klare å rette opp den skaden som allereie er skjedd.

– Her er dei ein som har fått ei ekkel tilbakemelding om at han ikkje får nyte maten saman med dei andre. Han er 95 år gamal og ein skal ha respekt for slike folk.

– Vi må leggje til rette for at dei skal få ha det samhaldet med dei andre på Årdal bu- og omsorgssenter, seier Ap-leiaren.

Like over nyttår vil politikarane sjå nærare på korleis dei organiserer mattilbodet for dei eldre lovar Høl. Han ser uansett føre seg at det skal bli eit langsiktig tilbod at dei eldre som vil skal få ete på omsorgssenteret, uansett om dei bur der eller ikkje.

– Det tek vel si tid før dette såret gror, men vonleg får vi gjort noko med det.

– No er eg veldig glad

For Gunnar Seim vart heilomvendinga til kommunen ei ekstra flott julegåve. Laurdag har han hatt besøk av ordførar Arild Ingar Lægreid som har forklart kvifor det gjekk som det gjekk.

Seim seier til NRK.no at han har hatt nokre tunge dagar sidan han vart nekta matservering saman med dei andre. No har han letta noko veldig.

– Eg er veldig glad. Dette har vore veldig tungt for meg. Eg har vore så deprimert denne siste veka, seier han.

– Eg er veldig letta for at det har ordna seg, no skal eg få ete saman med dei andre.