Hopp til innhold

Skogstad Sport har snudd skuta - satsar på at 2013 blir eit rekordår

Skogstad Sport har snudd skuta og no håpar dei at 2013 skal bli eit rekordår. At dei på tampen av 2012 blir kåra til den tredje beste leverandøren til sportsbransjen er nok ein motivasjonsfaktor.

Knut Roger Nesdal

REKORD: Knut Roger Nesdal som er sals- og marknadssjef i Skogstad Sport trur klesprodusenten vil få eit rekordår i 2013.

Foto: Birger Meland / NRK

Etter ein økonomisk nedtur i fjor har klesprodusenten i Innvik for alvor snudd skuta.

Sals- og marknadssjef Knut Roger Nesdal seier tala for 2012 ser veldig bra ut, men gler seg endå meir over dei gode utsiktene for neste år.

– 2013 blir eit rekordår. For 2012 ligg vi også an til å bli det, men 2013 vil overgå det, seier han blid.

Ligg an til vekst på ti prosent

I Skogstad Sport er dei alle no glade for å kunne legge dei negative tala for 2011 bak seg.

Klesprodusenten tente nesten ikkje pengar, men no ser alt så mykje lysare ut, fortel Nesdal til NRK.no.

– Vi ligg an til ein vekst på ti prosent i år, men ser vi på innsalet vårt for våren 2013 er vi allereie gått opp 45 prosent i høve det vi leverte i år, seier han.

Tredje beste leverandør

Og at Skogstad Sport leverer varene viser også Leverandørtesten 2012. Det er bransjemagasinet Sport som har kåringa, der dei spør butikkane og dei store kjedene om korleis dei er nøgde med dei forskjellige leverandørane. I årets kåring plasserer Skogstad Sport seg heilt i toppen, det etter å ha lege på rundt 20. plass dei siste tre åra.

– Det er ein motivasjon at dei tiltaka vi har iverksett blir lagt merke til og at vi får respons på den jobben vi gjer.

– Det motiverer oss også at det er to plassar til vi kan konkurrere om, så vi skal bli betre, seier Nesdal.

Gler seg over kvalitetsstempelet

Skogstad skårer høgt på fire av dei seks kriteria i testen, servicenivå, reklamasjonshandtering, salsstøtte og lønsemd. Når det kjem til salsstøtte er Skogstad best av alle.

Til magasinet Sport seier Nesdal at dei har gjort alt dei kan for å bli betre.

– Vi analyserte alle ledd og la ein plan for forbetringar. Det at vi ser resultatet allereie no er spennande med tanke på at dei tre største prosjekta våre ikkje blir gjennomført før til neste år.

Til NRK.no legg han ikkje skjul på at den sterke plasseringa er viktig i konkurransen med dei andre store merka.

– I den krigen som er, så er det ikkje noko minus å bli anerkjent som ein av den beste leverandørane. Det vil alltid vere eit pluss, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tryvann skisenter

INDREFILET: Nesdal seier dei ikkje måler avtalen med Tryvann Skisenter i kroner og øre. I staden handlar det om sjansen til å bli større i eit område dei til no ikkje har vore så gode i, seier salssjefen.

Foto: André Strand / NRK

Skal kle opp 220 tilsette i Holmenkollen

Sals- og marknadssjefen gler seg over suksessen og ser no fram til eitt nytt år, som han trur kan bli endå meir eventyrleg.

Nesdal fortel at dei nyleg har sikra seg ein viktig samarbeidsavtale med Tryvann Skisenter på toppen av Holmenkollen i Oslo. Samarbeidsavtalen går over tre år, og Skogstad Sport skal mellom anna levere klede til alle dei 220 tilsette ved skianlegget, i tillegg til at dei får profilere seg i anlegget og selje klede der.

– Dette er eit område der vi ikkje har vore så sterke tidlegare. Så dette er eit ledd i satsinga vår for og lukkast meir på Austlandet.

– Det er der det er mest folk og flest butikkar, og generelt har vi vore litt svakare der enn elles i landet, seier Nesdal til NRK.no.

– Fjør i hatten

At Tryvann Skisenter er det femte største i landet er naturleg nok berre ein fordel.

– Dette er eit attraktivt område, og ei fjør i hatten for oss.

– For oss er dette ein sjanse til å bli meir synlege, og det å få plass på toppen av Holmenkollen, indrefileten i Oslo sitt skiparadis, det er vi stolte over.

– Alle vil vere med på ein slik opptur

Det går altså utan tvil rette vegen for klesprodusenten frå Innvik som i år feira 75 år. Skogstad såg dagens lys i 1936, og flagga i 1993 ut produksjonen til Kina. I 1997 la dei ned all produksjon i Norge, noko som den gongen var ei tøff avgjerd.
Men rett etterpå starta ein veldig økonomisk opptur for klesprodusenten.

I august fortalde Nesdal at dei skulle satse framover, både på merkevarebygging, ein ungdomskolleksjon og ein barnekolleksjon.

Og neste år blir utan tvil spennande, seier han.

– Vi får eit generasjonsskifte, der yngstemann Henning kjem tilbake frå Kina og tek over familiebedrifta i januar.

– Vi har også eit samarbeid med Eli Kari Gjengedal som skal lage ein regnklede-kolleksjon med oss, seier Nesdal for å nemne noko.

– Kor kjekt er det å vere i ei bedrift der ting blomstrar?

– Det kan du berre tenkje deg det. Å vere med på ein slik opptur er noko alle vil vere med på, seier Nesdal stolt.

Blir verande i Innvik

Sidan Skogstad Sport starta opp i 1936 har dei hatt hovudkontor i Innvik i Stryn. Suksessen vil ikkje få dei på flyttefot lovar Nesdal.

– Vi kjem alltid til å vere i Innvik. Skogstadfamilien er heimekjære, så eg ser ikkje for meg noko endring.

Skogstad Sport i Innvik

LOKAL: Skogstad Sport har hatt hovudkontor i Innvik sidan det starta opp, og her vil dei også bli verande framover, seier Nesdal.

Foto: Skogstad Sport