Hopp til innhold

Her kjem den neste stormen - eitt år etter Dagmar

Stormen som no kviler like sørvest for Island vil vekse seg kraftig fram mot helga. Og då treff den Vestlandet med full kraft.

Vêrsituasjonen klokka 16 i dag.

HER LURER STORMEN: Stormen som natt til laurdag vil treffe vestlandskysten er sirkla inn på satellittbiletet.

Foto: Vêrvarslinga på Vestlandet

Bølgjer på opp mot ti meter tett opp mot Stad, lokalt store nedbørsmengder og kraftig vind vil prege vêrtypen i helga.

Med andre ord blir det ikkje mykje snø att når helga er over. Og kombinasjon snøfall, kulde og regn vil by på sine utfordringar for vegfarande.

– Fredagen ser nok langt betre ut enn både laurdag og søndag om ein skal ut på vegane. Det blir ikkje artige køyreforhold. Når det først blir brøytt, og bilane pakkar isen og ein får regn på toppen av dette att, så blir det skumle køyreforhold, seier Statsmeteorolog Anne Mette Olsen.

Mildare storm

Stormen som vil treffe Vestlandet eitt år etter «Dagmar», blir heldigvis langt mildare enn forgjengaren sin. Og heller ikkje fullt så sterk som uvêret som herjar i Trøndelag, med både full storm, torever og tette snøbyer. Årsaka er at vinden er sørleg, og ikkje frå vest og rett mot land.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vêret laurdag 29. desember

UVÊR: Slik ser vêrvarselet for laurdag klokka 01 ut. Blå linjer viser trykkfelt, medan fargepalett viser nedbør. Dei lilla pilene er vindpiler. Lang strek svarar til 5 m/s, medan kort strek svarar til 2,5 m/s.

Foto: Vêrvarslinga på Vestlandet

Nedbørsmengdene blir truleg mellom 30 og 60 millimeter i ein 24 timars periode. Kysten får den kraftigaste vinden, medan plussgrader løftar snøgrensa til 800-1.000 meter.

– Tradisjonen tru er det alltid litt ruskevêr kring nyttår, men dette blir ikkje av same kaliber som i fjor, seier statsmeteorolog Karsten Eitrem.

Ti meter høge bølgjer

Natt til laurdag vil venteleg bli verst. To lågtrykksenter ligg no sørvest for Island og vil framover peile seg inn på vestlandskysten. Statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand opplyser at det eine lågtrykksenteret vil utvikle seg kraftig.

– Dei sterkaste bølgjene vil nok vere nord for Skottland, men tett opp mot Stad så kan ein få maksbølgjer på opp mot ti meter, seier Opstad Strand.

Nedbøren byrjar natt til laurdag som regn i ytre lågareliggjande strok. Frå kring klokka 12 laurdag vil det aller meste av fylket ha nedbør i form av regn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Orkan ved Kråkenes

KRÅKENES: Fleire av bølgjene som i november i fjor følgde med uvêret «Berit» nådde opp til og over fyrhuset som står kring 50 meter over fjæra.

Foto: Torfinn Kråkenes

– Køyr i dag

På grunn av vêromslaget rår både meteorologar og Statens vegvesen folk som skal over fjellet om å køyre torsdag eller på dagtid fredag.

Også søndag og måndag er det venta godt med vind, opp mot storm i ytre delar av Nordfjord.

– Det er kanskje lurt å ha gjort unna køyreturen i dag eller i morgon på dagtid, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille hos Vegmeldingssentralen i Lærdal.

– Køyr forsiktig

Utfordrande har det vore på vegane i Sogn og Fjordane også i dag. Både i Jølster og Olden har det vore trafikkuhell.

– Det er snødekke over heile fylket, og polert snø av vind blir glatt veg. Køyr etter forholda, seier Hille og fortel at dei i løpet av dagen har hatt sitt fulle hyre med å ta telefonar frå bilistar som er ute og fartar. Han seier brøytebilane er ute på vegane og prøver å handtere snøfallet så godt dei kan.

– Spesielt frå Stryn-området. Der har det kome ned ekstra mykje snø, og vi har hatt ein ekstra brøytebil ute. Spesielt mellom Kjøs bru og Hjelledalen har det kome ned mykje laussnø, seier han og fortel om vinterføre over heile fylket. Også i låglandet.

Situasjonen no

  • E16 Filefjell – Kolonnekøyring på grunn av uvêr og smal vegbane.
  • Rv13 Vikafjellet – Snø- og isdekke.
  • Rv15 Strynefjellet – Snø- og isdekke, redusert sikt og vanskelege øyreforhold. Kan bli innførd kolonnekøyring på kort varsel.
  • Rv52 Hemsedalsfjellet – Redusert sikt. Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Fv13 Gaularfjellet – Stengd. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv50 Hol-Aurland – Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv53 Tyin-Årdal – Stengt på grunn av uvêr.
  • Fv60 Utvikfjellet – Vekslande bart og snødekke.