Hopp til innhold

Åtvarar mot uvetig fyrverkeribruk

Fyrverkerisalet før nyttårsaftan er godt i gang mange stader. No ber brannmeisteren i Førde folk tenkje seg om før dei skyt det opp.

Fyrverkeri i Førde sett frå Langebrua

LYSER OPP HIMMELEN: Fyrkerveri er vakkert å sjå på, men kan vere farleg dersom du ikkje brukar det rett.

Foto: Siri Kvammen Orkelbogh

Etter at forbodet mot privat bruk av rakettar med styrepinne vart innført første gang ved nyttårsaftan 2008/2009, har registrerte skadar gått betrakteleg ned. Men likevel skjer det kvart år ulukker.

– Det er mykje å tenkje på når det gjeld fyrverkeri. Du må sjå på området du skal skyte opp, om det er mykje bilar eller hus der. Ver sikker på at du har god nok avstand, seier brannmeister Leif Otto Olsen.

Unngå ustabilt fyrverkeri

I Norge er det tillate å selje fyrverkeri frå 27. til 31. desember. Enkelte stader er det kortare salstider. Fyrverkeribransjen reknar med å nå målet om å omsetje for 300 millionar kroner. Olsen har gode råd å komme med til dei som let seg friste til å bruke pengar på rakettar..

– Tenk stabilitet når du handlar, det er mykje rusk og ustabile saker å få kjøpt. Eg har ingenting til overs for alt det som flyg rundt beina på oss.

Ikkje skyt opp i vind og storm

Det er berre tillate å rakettar frå nyttårsaftan klokka 18 til klokka 02 om natta. Men Olsen seier det ikkje sikkert det er forsvarleg å skyte opp rakettar på nyttårsaftan.

– Du må la det vere dersom det er mykje vind. Då kan rakettane flyge alle stader.