Hopp til innhold

– Dette er inga ny tilråding om kvar E39 skal gå i framtida

Ordførarane i Stryn og Eid klarer ikkje å semjast om korleis dei skal tolke Statens vegvesen sin statusrapport om ferjefri E39.

Alfred Bjørlo

USAMD: Ordførar i Eid (V), Alfred Bjørlo, er ikkje samd i at statusrapporten frå Statens vegvesen er noko ny tilråding.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fjordingen skriv i dag at utgreiingsrapporten for Ferjefri E39, tilrår ein framtidig trasé med bru over Nordfjorden ved Svarstad i Stryn .

Sjølv om Statens vegvesen i rapporten står fast på den opphavlege tilrådinga om ein indre trasé, meiner ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid, at rapporten seier det stikk motsette.

– Det rapporten seier er at ein må leggje større vekt enn det har vore gjort til no på å skape større bu- og arbeidsmarknader og større fungerande regionar. Omsynet til det har ikkje vore sterkt nok framme tidlegare og effektane for samfunnet av det er større enn ein tidlegare har lagt vekt på, seier Bjørlo.

– Inga tilråding

Rapporten er på 79 sider og Bjørlo seier han ikkje ser den som noko ny tilråding.

(Artikkelen held fram under kartet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

ALTERNATIV: Statens Vegvesen hadde åtte ulike alternativ for E39 gjennom Nordfjord.

Foto: Statens vegvesen

Frå før har vegvesenet gått for E39 om Stryn. Det same har fylkespolitikarane i Møre og Romsdal, medan deira kollegaer i Sogn og Fjordane ynskjer å erstatte ferjesambandet Anda-Lote med bru.

Den tilrådinga støttar også kvalitetssikringa som Finansdepartementet og Samferdsledepartementet bad om.

– Dette handlar om konsept for teknologi, økonomi og det rasjonale i å gjere E39 ferjefri med fjordkryssinga uavhengig av kvar dei fjordkryssingane måtte gå, seier Bjørlo om statusrapporten.

Stadfestar

Sven Flo, ordførar i Stryn

UNDERBYGGJER: Sven Flo (H), ordførar i Stryn.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), tolkar rapporten som ei underbygging av vegvesenet sitt syn om at det er mest samfunnsnyttig og naturleg å leggje E39 om Stryn.

– Det står svart på kvitt at det er ei forsterking av det som tidlegare har vore utgreidd. Det indre alternativet er mest samfunnsnyttig. Det er eit sterkt argument i høve til det valet. Slik sett meiner vi det ikkje er noko nye element som talar imot det indre alternativ, seier Flo.

– Smått absurd

Bjørlo meiner det viktigaste i rapporten er at vegvesenet meiner det tidlegare er lagt for lite vekt på å skape større regionale bu- og arbeidsmarknader, og verdiskapinga det medfører.

Han meiner også at det er «smått absurd» å etablere ei ny kryssing av Nordfjorden, i staden for å ta vekk ei av dei tre ferjene som går der.

– Det offentlege må då betale for alle tre ferjene, og du får auka den samla kostnaden for samfunnet. I motsetnad til ei bru Lote-Anda der du erstattar ei ferje, kan legge den ned og faktisk får ei reell ferjeavløysing over fjorden, seier han.

– Tek ikkje stilling

Utgreiingsprosjektet til Statens vegvesen vert leia av tidlegare vegsjef Olav Ellevset. Dei har konkludert med at ein ferjefri E39 til 100 milliardar kroner, kan kutte reisetida frå Kristiansand til Trondheim med sju timar.

E39 gjennom Stryn kuttar reisetida frå Skei til Ålesund med 106 minutt.

Olav Ellevset

AVVISER: Olav Ellevset seier rapporten er av generell karakter og ikkje kan takast til inntekt for det eine eller andre alternativet.

Foto: Arild Nybø, mediebruket.no

Han tykkjer det er uheldig at statusrapporten gir opning for ulike tolkingar, og seier at, sjølv om vegvesenet i rapporten legg til grunn si opprinnelege tilråding, ikkje tilrår det eine eller det andre.

– Rapporten tek ikkje noko stilling til det, for linevalet er ei departemental sak. Dersom det blir oppfatta slik, så er ikkje det rett. Dette er ein rapport av generell overordna karakter, seier Ellevset.

Ganske like

Ellevset seier at dei førebels ikkje har sett så mykje på det teknologiske for fjordkryssinga i Nordfjord, fordi at ein der kan krysse nær kvar som helst. Han er usamd i at rapporten kan takast ytterlegare til inntekt for det eine eller andre alternativet.

Rapporten skal vere endeleg ferdig i 2013.

– Den seier at det er fullt mogeleg å krysse med fleire løysingar, og der måtte ynskje det, seier han og meiner det både med tanke på tidsbesparing og samfunnsnytte er ganske likt mellom indre og midtre trasé.