Hopp til innhold

Meiner tablettbruk påverka tiltalte

Mannen i 60-åra som er tiltalt for ranet av Spar-butikken i Bygstad i fjor haust står fram som roleg og samla i retten. Eit viktig spørsmål i saka er kor vidt han var psykotisk eller ikkje då ranet skjedde.

Bygstad

RAN: Det var i midten av september i fjor at mannen slo til mot Spar-butikken i Bygstad. Denne veka går saka for retten.

Foto: Johan Moen / NRK

Rettssaka mot mannen starta i Fjordane tingrett måndag, og skal etter planen gå over tre dagar. Mannen nekta straffskuld då saka starta.

Stig Nybø som er forsvarar for mannen, seier mannen framleis ikkje forstår korleis dette kunne skje. Dette blir viktige moment for dei i dagane som kjem.

– Han har gjort noko frykteleg dumt ved å bevege seg mot denne butikken, gått inn med gevær og tilsynelatande sett i gang eit ran.

– Hovudpunktet for han vil vere dette med kvifor i alle dagar gjorde han dette. Han forstår det ikkje sjølv, seier Nybø til NRK.no.

Slo til med hagle i hendene

Mannen i 60-åra har sete varetektsfengsla sidan han vart pågripen for ransforsøket 14. september i fjor. Maskert med eit putetrekk han hadde klypt hol i, og med ei hagle i hendene slo han til mot den lokale butikken i Bygstad.

Både tilsette og kundar opplevde situasjonen som dramatisk, til slutt vart mannen overmanna av butikksjefen og ein annan person.

– I etterkant så var det galskap å gå inn i noko slikt. Men det ser du ikkje før etterpå. Heldigvis gjekk det bra, men det kunne gått frykteleg gale, for det er ikkje slik du skal gjere det, har butikksjefen fortalt om korleis dei overmanna ranaren.

Var han psykotisk eller ikkje?

NRK følgjer rettssaka i tingretten, og NRK-reporter Terje Gilleshammer seier dette om korleis mannen er i retten.

– Han står fram som veldig samla, veldig roleg og tilsynelatande verkar det som han prøver å forklare seg så godt som han kan.

– Men det er klart, det er detaljar han hugsar veldig godt, nesten overraskande godt. Og det er andre ting han ikkje hugsar, seier Gilleshammer.

Eit sentralt spørsmål i saka er om hagla mannen hadde med seg var ladd eller ikkje. Sjølv har tiltalte forklart at han berre lata som han lada hagla, medan vitne meiner hagla faktisk var ladd.

Aktor Anette Stegegjerdet Norberg seier dette er ein av to hovudspørsmål frå påtalemakta si side.

– Hovudspørsmålet er i utgangspunktet to ting, for det første om dette var eit grovt ran. For det krev det at tiltalte lada våpenet inne i butikken. Sjølv meiner han at han ikkje gjorde det, medan påtalemakta meiner å ha bevis for at han gjorde det.

– Det andre spørsmålet går på kor vidt han var tilrekneleg då ranet skjedde. Var han psykotisk eller ikkje? Var han det skal han sjølvsagt ikkje dømmast til noko straff, seier Stegegjerdet Norberg til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Advokat Stig Nybø

NEKTAR SKULD: Stig Nybø er forsvarar for mannen som sjølv nektar straffskuld.

Foto: Kristine Folland / NRK

Fleire moglege forklaringar

Spørsmålet om kor vidt mannen var psykotisk eller ikkje er også viktig for forsvararen til mannen. Den tiltalte skal i veka før ranet ha hatt kraftig tannverk og tok då store mengder smertestillande og sovemedisin.

Forsvarar Stig Nybø trekkjer fram dette som ei mogleg forklaring på kvifor ein tilsynelatande normal person gjorde som han gjorde.

– Det kan vere fleire grunnar og forklaringar på det som skjedde. Det eine er at han kan ha vore psykisk i ein slik situasjon at han hadde begynnande frontallappsdemens.

– Kva er det?

– Det går på dette med moral og liknande, at ein får svekka den sida av personlegdomen, seier Nybø til NRK.no.

Meiner tablettbruk kan ha ført til reaksjonar

Det andre er altså det faktum at tiltalte skal ha brukt ein del medisinar i forkant av episoden.

– Han hadde vore hos tannlege og operert og sydd, og ete ein del tablettar. Sluttar du brått på slike tablettar, kan du få atypiske reaksjonar.

– Men samtidig viser blodprøver at det ikkje var noko i blodet hans den kvelden?

– Nei, men hovudpoenget er at når du sluttar med tablettar, så kan du og få ein slik reaksjon, når tabletten i og for seg er gått ut av blodet, seier Nybø til NRK.no.

Saka held fram i tingretten tysdag og onsdag. Der er det også på plass to sakkunnige som skal belyse spørsmålet om kor vidt mannen var psykotisk eller ikkje då ranet fann stad. Saka har ei strafferamme på fengsel i inntil 12 år.