Hopp til innhold

Butikk-tilsett trudde ranet var ein spøk - heldt fram med å ekspedere

Då ransmannen kom inn med ei hagle i Sparbutikken, trudde Astrid Kapstad Tyssekvam som sat i kassen at det heile var ein spøk. Difor heldt ho fram med å ekspedere.

Stig Nybø

FORSVARAR: Stig Nybø er forsvarar for den tiltalte mannen i 60-åra.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Saka mot mannen som i september i fjor vart pågripen for å ha forsøkt å rane Spar-butikken i Bygstad i Gaular med ei hagle, går no for andre dag i Fjordane tingrett.

Under Tyssekvam si forklaring tysdag føremiddag kom det fram at ho ikkje med ein gong forstod alvoret i situasjonen.

Såg mann med patronbelte

Tyssekvam forklarte i retten at ho såg ein mann med eit putetrekk det var klipt hol i, som var festa på mannen med eit snøre.

Tyssekvam såg også at mannen hadde eit patronbelte rundt livet, og at han hadde eit våpen i hendene.

Likevel framstod det heile så uverkeleg at ho heldt fram med å ekspedere dei to kundane som stod og venta framfor kassen.

Då tok tiltalte opp ein lapp der et stod «Give me some money quickly and nothing will happen».

Høyrde eit klikk

Tyssekvam forklarte i retten vidare at ein av dei andre kundane så seier at mannen ladar våpenet.

Sjølv forklarte Tyssekvam i retten at ho høyrde eit klikk.

Då ringde ho sjefen sin og butikkeigaren, Olav Birkeland, og varsla om ranet.

Ho fortel vidare at tiltalte då kom bort til ho og peika på ho med våpenet, la seg over kassen, og ville ha myntane i tillegg til sedlane ho alt hadde lagt fram.

(Saka held fram under TV-innslaget)

En Spar butikk i Bygstad ble forsøkt ranet med hagle.

VART FORSØKT RANA: Spar-butikken i Bygstad vart forsøkt rana.

Fekk våpenet opp i ansiktet

I retten forklarte kvinna at tiltalte steig fram og at ho fekk våpenet opp i ansiktet, mindre enn ein meter frå tiltalte.

Dette står i sterkt kontrast til kva tiltalte forklarte i retten måndag, då han sa at han aldri hadde peika på nokon med våpenet.

Han forklarte også at han berre lata som han ladde hagla.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bygstad

FORSØK PÅ RAN: Ein mann i 60-åra er tiltalt for å ha forsøkt å rane denne butikken i Bygstad i Gaular.

Foto: Johan Moen / NRK

Vil ha kontaktforbod

Tyssekvam sa i retten at ho ønskjer at tiltalte skal få kontaktforbod mot å komme i butikken i Bygstad, fordi ho ikkje ønskjer å møte mannen att.

Tiltalte fekk i går spørsmål om korleis han ville forhalde seg til eit slikt kontaktforbod som gjorde at han måtte flytte frå bygda.

Til det sa tiltalte at han kom til å motsegje seg eit slikt forbod, at at hanikkje hadde nokon annan stad å flytte til.

Kunne fått ut meir

I retten kom det fram at tiltalte kunne ha fått ut langt større beløp dersom butikkeigar Olav Birkeland sjølv hadde stått bak kassen.

Butikken har både tipping, bank i butikk og vanleg kasse. Dei vanleg tilsette kan berre ta ut små beløp, og kundar kan sjløve ta opp til 20.000 kroner med bankkort.

Det er sett av tre dagar i retten til saka.