Hopp til innhold

Har hatt tre alvorlege ulykker tidlegare

Sidan oppstarten av arbeidet med Dalsfjordsambandet i oktober 2010 har det vore tre alvorlege ulykker, i tillegg til dumperulykka måndag.

Utanfor tunnelen

VED TUNNELEN: 25-åringen jobba med å køyre pukk til Eikenestunnelen (på biletet) då ulykka skjedde.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Vi har hatt tre større ulykker, samt ein del mindre ulykker, i tillegg til denne, seier seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Einar Hovland.

– Kor alvorlege har dei tre andre ulykkene vore?

– Dei andre tre ulykkene er av mindre alvorleg karakter enn denne, men er likefullt karakteriserte som alvorlege. Det er mellom anna folk som har kutta ein finger, skore seg, samt ein som hamna på sjukehus etter å ha skadd seg i ryggen, seier Hovland.

Køyrde masse til tunnelen

– Kor brei er vegen der ulykka skjedde?

– Ulykka skjedde på Eikenes aust, altså innover fjorden frå den første tunnelen på strekninga. Der held vi på å byggje ny vegbane gjennom tunnelen og på utsida. Per i dag er vegen der 11-12 meter brei, seier Hovland.

Ein kjenner ikkje heilt detaljane i det som har skjedd, men det er på det reine at det har skjedd på ein stad som vert nytta til å snu når ein hentar pukk.

– Dei har køyrt masse og så har dei snudd like utanfor tunnelen og rygga inn. Det er ein snuplass som er brukt til det, seier Hovland.

Kjenner ikkje detaljane

– Har dumparen rygga utfor?

– Det har vi ikkje grunnlag for å seie. Det må politiet sjå om dei klarar å finne ut, seier Hovland.

Det er ikkje bestemt at ein skal utføre spesielle sikringstiltak i området etter det som har skjedd.

– Vi må finne ut kva som har skjedd, og om det er grunnar til å gjere tiltak. Vi skal setje opp rekkverk på strekninga, så det skjer før eller seinare, seier Hovland.

Arbeidet på denne delen av Dalsfjordsambandet er førebels stoppa.

– Dette er ein trist dag for oss alle, spesielt for familien til den omkomne, og for selskapet som har mista ein tilsett, seier Hovland.

Klokka 15 starta eit møte der hovudentreprenør og underentreprenørar er til stades.