Hopp til innhold

Margaret Berger vann MGP i Florø

Margaret Berger vann delfinalen i MGP i Florø laurdag kveld. Også i år blei arrangementet i kystbyen ein folkefest.

Med låta «I Feed You My Love» fekk Margaret Berger flest stemmer og gjekk heilt til topps.

– Det betyr så utruleg mykje. Det har vore ei kul oppleving å vere med, men å vinne er toppen. Eg takkar alle som har stemt på meg, seier Margaret Berger glad like etter at vinnaren er ropt opp.

Det var sju artistar som kjempa om tre finalebillettar til den nasjonale finalen i Oslo Spektrum 9. februar.

Den utkåra MGP-dronninga i Florø kunne med brask og bram overlevere konvolutten med dei tre songane som kunne gå vidare. Dei to andre som gjekk vidare frå delfinalen i kveld, var Annsofi med «I’m With You» og Fjellfolk med «Ulvetuva».

(Artikkelen held fram under biletet)

MGP i Florø 2013

HØG STEMNING: Det var litt færre folk enn i fjor, men stemninga var likevel like god som før.

Foto: Truls Kleiven

– Eit løft for heile fylket

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) stod på scena og jubla saman med programleiarane Jenny Skavlan og Erik Solbakken. Han var rørt over det han såg i kveld.

– Dette er heilt fantastisk. Vi har ein glød og eit enormt engasjement i Florø.

Dette er tredje og truleg siste delfinale i Florø i denne omgang. Solheim-Olsen trur arrangementet har betydd mykje.

– Dette har løfta Flora, Sunnfjord og heile Sogn og Fjordane, seier han.

Litt færre enn i fjor

MGP-generalen i Florø, Per Øyvind Helle, seier kveldens show gjekk over all forventning. Det var nok litt færre folk enn i fjor, men like etter TV-sendinga er slutt, er han likevel nøgd.

– Eg har ikkje oversikta over kor mange vi var, for eg har ikkje oversikt over billettsalet dei siste dagane. No har fokuset vore å arrangere dette knirkefritt. Vi har hatt ein kanon folkefest. Det har vel vore eit par tusen her og det er vel bra, seier han.

Det var ei elektrisk stemning i salen og folk såg ut til å storkose seg. Helle er også oppteken av at MGP har skapt ein positivitet i lokalsamfunnet.

– Vi har tre dagar med magiske MGP-arrangementet. I ei vinterstid der det elles ikkje er folk i gatene, har det no myldra.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ordførar på MGP i Florø

HÅPER PÅ PENGAR: Med mange ordførar og fylkesordføraren på plass, håper arrangøren på pengar til ein ny delfinale neste år.

Foto: Truls Kleiven

Kan ta heile Eurovision-finalen

Helle håper dei får arrangere delfinalen for fjerde gong neste år. Med åtte ordførarar og ein fylkesordførar i salen, håper han på meir pengar til eit nytt arrangement.

Men blir det ikkje ein ny delfinale, så er ikkje akkurat Helle beskjeden.

– Då tek vi på oss heile Eurovision-finalen. Eg er sikker på at Margaret Berger kjem til å vinne og då må Norge arrangere finalen neste år. Vi i Florø tek den oppgåva, ler han.

Margaret Berger – «I Feed You My Love»

SJÅ VIDEO: Margaret Berger – «I Feed You My Love»