Hopp til innhold

Difor lærer innvandrarane bokmål sjølv om dei bur i nynorskland

Sjølv om kommunane ligg midt i det som blir rekna som «nynorskland» skjer språkundervisninga for innvandrarar på bokmål. – Det beste for dei, seier lærarane.

Kari Ann Søreide

UNDERVISNING PÅ BOKMÅL: Kari Ann Søreide snakkar sjølv nynorsk til vanleg, men når ho underviser innvandrarar på Innvandrarsenteret i Florø brukar ho bokmål.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Sju av 26 kommunar i Sogn og Fjordane brukar berre bokmål i norskundervisninga av innvandrarar. Lærarane meiner det er for lite læreverk på nynorsk og peikar på at fleire av innvandrarane flyttar austover.

Flora er ein av kommunane som difor meiner innvandrarane er best tente med undervisning på bokmål. Også elevane set pris på at undervisninga er på bokmål.

– Eg har prøvd å lære nynorsk, men det er veldig vanskeleg. Eg prøver og prøver, men nei. Bokmål det er betre, seier ei ung kvinne.

Difor er det betre å lære dei bokmål

I klasserommet på Innvandrarsenteret i Florø er ti elevar frå alle kantar av verda samla til norskundervisning. Lærar Kari Ann Søreide skriv på tavla og forklarar, når ho snakkar slår ho om frå nynorsk til bokmål.

– Vi trenger ikkje si at eg kom til Norge for tre år siden, vi kan bare si at eg har bodd i Norge i tre år, seier ho til elevane sine.

For sjølv om elevane altså har hamna i ein nynorskkommune, er det bokmål dei lærer seg.

– I Florø er det eit asylmottak med godt over 100 asylsøkjarar, og mange blir ikkje buande i Florø, seier Søreide.

– Dei får plass i kommunar i Nord-Norge, på Austlandet og andre plassar, og det viser seg jo at verda er slik laga at dei fleste andre kommunar har bokmål. Dermed trur vi at våre elevar er best tente med å ha bokmål som opplæringsspråk.

– I TV og i avisene

I Sogn og Fjordane er det seks andre kommunar som tenkjer på same måten og altså har all norskundervisning for innvandrarar på bokmål.

13 kommunar har norskundervisninga på nynorsk, medan dei siste seks har begge deler. Av dei seks som brukar både bokmål og nynorsk, har mange av dei mest på bokmål.

I Flora opplever også elevane at det er positivt med opplæring på bokmål.

– I TV og i avisene brukar dei bokmål, det er lettare å finne bokmål eller nynorsk, seier ein av elevane og får støtte frå dei andre.

Men det kan også vere forvirrande for innvandrarane når dei i kvardagen møter mange som snakkar nynorsk.

- I Florø snakkar folk nynorsk, det er veldig vanskeleg for meg, seier ei anna kvinne på senteret.

– Litt rart eigentleg

Lenger inne i fylket, i Førde, tenkjer dei annleis. På Førde Norsksenter set Steinar Myrekrok elevane sine i gong med munnlege oppgåver – på nynorsk.

– Eg synest det er litt rart eigentleg å lære bokmål når du bur i nynorskland, seier han om praksisen i sju av kommunane i fylket.

Norsksenteret ser det som heilt naturleg at innvandrarane lærer seg det same språket som samfunnet dei er vorte ein del av brukar.

– Når dei møter det same språket på skulen som dei møter på butikken, på eit offentleg kontor eller hos naboen, så er det ikkje så unaturleg at det går kjappare og dei lærer språket betre, seier Myrekrok.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinar Myrekrok

NYNORSK: Steinar Myrekrok meiner det er heilt naturleg at innvandrarar som kjem til Sogn og Fjordane får norskopplæring på nynorsk.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Ikkje noko problem

Men kva med dei som flyttar frå Vestlandet? Dagleg leiar ved norsksenteret i Førde, Ole Magnar Stein, meiner dei har ein fordel.

– Vi har fått tilbakemeldingar frå elevar som har flytta austover som fortel at det ikkje var noko problem at dei lære nynorsk.

– Ei som flytta til Tønsberg sa for eksempel at ho var veldig glad ho hadde lært nynorsk, for bokmål fekk ho på så mange andre måtar og greidde tileigne seg, seier Stein.

Vil ha fleire lærebøker

I Florø fortel Kari Ann Søreide at ein anna grunn til at dei underviser i bokmål, er at det lenge ikkje har eksistert læreverk på nynorsk.

I dag er det vorte ein del betre, men både i Førde og i Florø ønskjer dei seg mykje meir.

– Eg trur eg kan seie at 99 prosent av alle læreverka er på bokmål, og når berre ein prosent er på nynorsk så blir det enklare å velje bokmål, seier ho.

– Læreverka vi har fått er gode, men når det ikkje er så stort utval må lærarane vere kreative og lage ein god del sjølv, seier Myrekrok i Førde.